Heim Nyhende Årets nynorskkommune 2014

Årets nynorskkommune 2014

Er din kommune Årets nynorskkommune? Søknadsfrist 31. august.

 

Mange kommunar bruker nynorsk aktivt i tenestene sine. No oppmodar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner kommunane til å melde seg på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2014.

– Nynorskprisen er viktig for å støtte nynorskarbeidet i kommunane. Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som si formelle målform, og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein spesiell innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Eg håper mange nynorskkommunar melder seg på og er med i konkurransen, seier Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sidan 2009 kåra årets beste nynorskkommune. I haust vil statsråden dele ut prisen på 100 000 kroner til den kommunen eller fylkeskommunen som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda nemnt under:

  • Aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar.
  • Aktiv bruk av nynorsk i omdømme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningslinjer for nynorsk i kommunen.
  • Tiltak for å sikre god målbruk blant tilsette.
  • Marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement.
  • Tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskular.

Kriteria er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I 2013 var det Ørsta kommune som vann nynorskprisen.

Søknadsfristen er 31. august 2014.
Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen, og alle er velkomne til å søkje, også dei som har søkt tidligare år. Merk søknaden ”årets nynorskkommune” og send til postmottak@kmd.dep.no

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...