Heim Nyhende Fem vil bli årets nynorskkommune

Fem vil bli årets nynorskkommune

Fem kommunar har søkt om å få bli Årets nynorskkommune.

Den utvida søknadsfristen gjekk ut i går, og departementet tar atterhald om at det framleis kan liggje nokre søknader i posten. Men så langt ser det altså ut til at to nye kommunar hør søkt i itllegg til dei tre som allereie var kome inn innan september. Styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle, har forståing for at ein i travle kommunar ikkje alltid får følgd opp invitasjonar av denne typen.

– Kanskje kvir somme administrasjonar seg for å å komme med forslag på eigen kommune, seier Dahle.  – Det vanlege i slike høve er som regel at nokon utanfrå har lagt merke til kva som blir gjort i kommunen og kjem med framlegg om tildeling av utmerkinga. Mange kommunar veit at alt ikkje er som det bør vere når det gjeld satsing på godt og klårt språk, de vil gjerne gjere noko med det, dei og utset å søkje til seinare.

Samstundes er styreleiaren klar på at arbeidet med språket ikkje er noko kommunane bør ta lett på.

– Arbeid med språk bør vere ein svært viktig del av kvalitetssikringsarbeidet i alle kommunar. Kommunane bør opppvurdere dette arbeidet, og det bør vere like naturleg å gje tilsette tilbod om vedlikehald og påfyll av kunnskapar på dette området som på dei reint faglege områda, seier han til LNK.no. – Dersom ein ønskjer kvalitet i kommunal forvaltning og tenesteproduksjon, kjem ein ikkje utanom å satse på kvalitet i språkbruken også.

Kvar einskild av medlemskommunane våre bør peike ut ein eller fleire kvalifiserte personar som kan følgje med på informasjonsproduksjonen og komme med framlegg om rutinar og tiltak som kan auke kvaliteten på språket, meiner Dahle. Desse personane kan også få i oppgåve å svare på invitasjonar om å bli årets nynorskkommune.

Følg med på www.lnk.no for meir nytt om Årets nynorskkommune.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...