Heim Nyhende Åtte dagar med nynorsk kultur

Åtte dagar med nynorsk kultur

Nynorske litteraturdagar + Falturiltu barnebokfestival = til saman åtte dagar kor nynorsk kultur står i høgsetet.

Det heile byrjar i Aurland fredag 30. oktober. Då startar Nynorske Litteraturdagar 2009,  det fjerde i rekka. Litteraturdagane er eit prosjekt i regi av Aurland kommune, og dei samarbeider også tett med skirveprosjektet Littkrit. I løpet av det tre dagar lange arrangementet kan du bokbade saman med Cecilie Seinnes og Tove Bakke, Arnfinn Nordbø, guten bak boka «Betre død enn homofil?» kjem, teikneserieskaparen Øystein Runde er der og det blir norsk attraksjon med Linda Eide.

Litteraturdagane sluttar søndag kveld, men allereie måndag morgon er det ny festival. Barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord arrangerast no for tredje året på rad. Her blir det aktivitetar frå dei yngste gjennom Bok og beibi heilt opp til seniorane som og får sin eigen post i programmet. Falturiltu legg opp til mange skulebesøk, også for skular andre stader enn på Stord. Årets festivaldiktar er Erna Osland.

Les også:

Litteratur bygger identitet

Osland til Falturiltu

Bjørlykke fekk ny pris

Barnebokfestivalen Falturiltu opnar på Stord

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...