Heim Nyhende Austigard ny forlagsdirektør i Samlaget

Austigard ny forlagsdirektør i Samlaget

Forfattar Edmund Austigard kjem frå stillinga som adm.direktør i Den Norske Bokdatabasen as, og overtek etter Tom Skovdahl som har vore konstituert direktør i Samlaget sidan januar 2011.

Edmund Austigard er frå Hjelmeland i Ryfylke, og er økonomutdanna frå USA (MBA grad frå Thunderbird). Han har bakgrunn frå mellom anna Telenor, Forlagssentralen og Den Norske Bokdatabasen as. Austigard kjem frå stillinga som administrerande direktør i Bokbasen der han starta i januar 2007. Han har jobba lenge med digitalt innhald og digitale tenester. Samlagets nye direktør er også forfattar, og har gitt ut to romanar på Samlaget og ei barnebok på Wigestrand forlag, melder forlaget i ei pressemelding.

Austigard gler seg til å starte som forlagsdirektør:

– Eg er stolt og glad, og ser fram til å leie eit av Noregs viktigaste forlag i ei spennande tid for bokbransjen.

Styreleiar i Det Norske Samlaget, Kristin Bjella, seier dette om valet av Austigard som ny direktør:

– Styret har hatt ein god prosess med fleire kandidatar å velje mellom. Edmund Austigard utmerka seg etter kvart som det opplagt beste valet. Han har slik styret ser det dei beste kvalifikasjonane, og inngåande kjennskap til bokbransjen. I tillegg til det nemnte utmerkar Austigard seg også ved å vere skjønnlitterær forfattar, økonom og aktiv nynorskbrukar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...