Heim Nyhende Austrheim kommune fekk pris for Beste eKommune 2014

Austrheim kommune fekk pris for Beste eKommune 2014

Austrheim kommune prisen for Beste eKommune 2014 i klassen kommunar under 5000 innbyggarar.

 

KS har kartlagt korleis det står til med digitaliseringa i kommunesektoren, dei med flest poeng innanfor fire kategoriar har blitt «Beste eKommune 2014». Prisen har blitt delt ut av KS sidan 2006, og frå 2011 blei prisen til kommunane tredelt basert på innbyggartal.

– Det var for å yta gode, men små kommunar rettferd, sa Trude Andresen, direktør for KS forskning, innovasjon og digitalisering då hun delte ut årets pris.

Prisen er basert på eit grundig heilskapsbilete, der kommunane blant anna har svara på om dei har oppnådd måla i  Digitaliseringsstrategien fra KS.

Dei andre vinnarane av årets pris for Beste eKommune er Bergen, Oppland og Lyngdal.

Digitale skilje
– Det er framleis strekk i laget. Det går framover, men vi går ikkje i samla flokk, sa Andresen. Kartlegginga har 500 oppnåelege poeng. Den beste kommunen har 84 prosent måloppnåing, medan den kommunen med lågaste score har fått 18,5 prosent. For fylkeskommunane varierer det mellom 41 prosent og 75 prosent måloppnåing.

– Vi ser at kommunestørrelse ikkje nødvendigvis har noko å seia, sjølv om det sjølvsagt er mange store kommunar i toppen.

Varaordførar Helge Dyrkolbotn tok i mot prisen til Austrheim, og streka under i takketalen at ein slik pris hadde ikkje vore mogleg å vinna for ein liten kommunen utan eit godt interkommunalt samarbeid. Han rosa difor det arbeidet IKTNordhordland har gjort og framleis gjer. Vidare takka han dyktige medarbeidarar i kommunen som kvar dag står på for å vidareutvikla dei digitale teneste som kommunen kan tilby innbyggarane.

– Ein slik pris gjev ekstra motivasjon til å stå på vidare med dette arbeidet. Sjølv om Austrheim kommune har vunne denne prisen så har ein framleis mykje å strekka seg etter når det gjeld å bli ein god og open eKommune, seier Dyrkolbotn.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...