Skal kommunane Birkenes, Evje og Hornnes, Iveland og Lillesand få byte fylke frå Aust- til Vest-Agder? Svaret kjem i neste veke.
Det var etter at Aust-Agder stemde nei til å slå saman agderfylka rett før kommunevalet hausten 2011 at dei fire kommunane søkte om overgang til Vest-Agder, melder Nationen.
Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV møttest i går for å diskutere saken, utan å kome til nokon konklusjon, og no er ambisjonen at ein skal bestemme seg på eit nytt gruppemøte onsdag i veka som kjem, seier stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp) i kommunal- og forvaltningskomiteen til nationen.no.
Les også: Fleire kan søkje om å byte fylke