Heim Nyhende Barnebokstipend til Lars Mæhle

Barnebokstipend til Lars Mæhle

Lars Mæhle får Bokhandelens barnebokstipend på 40 000 kroner. 

Stipendet er eit samarbeid mellom Bokhandlerforeninga og Norske Barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU). Målet med stipendet er å utvikle forfattarskap, og løfte dei nye barnebøkene fram. 

– Lars Mæhle er ein godt etablert forfattar med fleire spanande og fengjande prosjekt i mange ulike sjangrar og han har så langt i forfattarskapet vist ein stigande formkurve. Bøkene hans blir berre betre og betre og han når stadig fleire barn og unge. Det er med stor glede og begeistring at NBUs litterære råd innstiller Lars Mæhle til Bokhandlerstipendet 2013. Vi kjenner oss trygg på at dette vil inspirera forfattaren til å halda fram med å skriva gode bøker til glede for små og store lesarar, skriv juryen. 

Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka.

Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikter i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikarpris.

Fjorårets ungdomsroman «Fuck off I love you» fekk stor merksemd og også denne boka vart nominert til Uprisen. For yngre lesarar har han blant annet skrive om tospannet Harry og Ivar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...