Heim Nyhende Basso nominert til Nordisk råds barnebokpris

Basso nominert til Nordisk råds barnebokpris


Aina Basso og Inga H. Sætre er nominert til den nystifta Nordisk råds barnebokpris.

 

Basso er nominert for «Inn i elden», Inga H. Sætre for «Fallteknikk». Frå det samiske språkområdet er forfattar Signe Iversen og illustratør Sissel Horndal nominert for «Mánugánda ja Heike».

Prisen er på 350.000 danske kroner, og blir delt ut for første gong i samband med Nordisk råds sesjon i Oslo i slutten av oktober.

– Eit løft for barne- og ungdomslitteraturen var ei av hovudprioriteringane under den norske formannskapen i Nordisk ministerråd i fjor. Med desse nominasjonane er det teke eit viktig steg for å likestille barne- og ungdomslitteratur med all anna litteratur, seier kulturminister Hadia Tajik (Ap).

Reglane og nominasjonsprosessen for den nye prisen er dei same som for Nordisk råds litteraturpris. Juryen er sett saman av 23 representantar frå ni land. Det er to nominerte bøker frå Noreg, Danmark, Finland, Island, Sverige, Færøyane, Grønland, Åland og det samiske språkområdet. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...