Heim Nyhende Ber Halvorsen rydde opp

Ber Halvorsen rydde opp

Noregs Mållag ber no Kristin Halvorsen rydde opp i registreringa av nynorskelevar.

unnskapsminister Kristin Halvorsen kjem på landsmøtet i Noregs Mållag fyrstkomande fredag. Ho vil møta eit Noregs Mållag med klare utfordringar til ministeren.
Kunnskapsministeren har tidlegare sagt seg uroa for vilkåra nynorskelevane har, mellom anna på bakgrunn av rapportar om at elevane i stort monn forlèt nynorsken.
Informasjon frå Hordaland fylkeskommune tyder no på eit registreringssystem ved skulane der alle elevar automatisk vert registrerte som bokmålselevar, med mindre dei aktivt endrar dette sjølve. Dagens system fører til dømes til at fylkeskommunen har registrert 10 % nynorskelevar frå Stord kommune medan Stord vidaregåande skule melder at 90 % av avgangselevane har nynorsk som hovudmål.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kjem på landsmøtet i Noregs Mållag fyrstkomande fredag. Noregs Mållag ber no ministeren rydde opp i det dei meiner er ein systemfeil i registreringa av nynorskelevane.

Halvorsen har tidlegare uroa seg for vilkåra nynorskeelevane har, ikkje minst sidan rapportar har vist at mange av dei forlèt nynorsken. No er det derimot kome fram informasjon frå Hordaland fylkeskommune om at registreringssystemet ved skulane fungerer slik at alle elevar automatisk blir registrerte som bokmålselevar, viss dei ikkje aktivt endrar dette sjølve.

Dagens system fører til dømes til at fylkeskommunen har registrert 10 % nynorskelevar frå Stord kommune medan Stord vidaregåande skule melder at 90 % av avgangselevane har nynorsk som hovudmål.

– At nynorskelevane blir registrerte med rett målform, er ei grunnleggjande forsikring om at dei blir behandla som nynorskbrukarar i skulen. Vi forventar at kunnskapsministeren ryddar opp og vonar ho vil avklara dette alt på vårt landsmøte på fredag. For kunnskapsministeren bør det vera viktigare å sikra rettane til nynorskelevane enn å gjera det lett for statistikarane, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...