Heim Nyhende Ber om 5,5 milliardar i frie midlar i 2011

Ber om 5,5 milliardar i frie midlar i 2011

Kommunane ber om minst 5,5 milliardar kroner i frie midlar i 2011. KS meiner dette er nødvendig for å halde oppe dagens tilbod til befolkninga.

Regjeringa legg fram forslaget sitt til kommuneøkonomi samtidig med revidert nasjonalbudsjett 11. mai.

Interesseorganisasjonen til kommunane, KS, meiner denne summen er nødvendig for å halde oppe nivået på eldreomsorg, oppussing av skuler, sjukeheimar og kyrkjer, vedlikehald av vegar og av avgrensing av gjeldsveksten i kommunane.

Fredag skal KS ha det siste konsultasjonsmøtet med regjeringa før kommuneøkonomiproposisjonen blir lagt fram.

– For lite
Men 5,5 milliardar er ifølgje KS-leiar Halvdan Skard ikkje nok for å innfri krava om auka innsats i barnevernet, fleire lærarar og full sjukeheimsdekking.

– Dersom regjeringa ønskjer at kommunesektoren skal gjera dette, må ho stille ressursar til rådvelde, slår han fast.

Skard understrekar at 5,5 milliardar kroner er eit minimumsbeløp for å halde standardane ved lag og for å starte nokre «ta-igjen-øvingar».

– Det skulle vore mykje meir. Det reelle behovet er langt større, men vi ber om det vi meiner er realistisk. Kommuneøkonomien, som utgjer 20 prosent av norsk økonomi, må også ta følgjene av innstrammingspolitikken til regjeringa. Vi har teke inn over oss at vi er ein del av norsk økonomi, og at vi må leva med det på godt og vondt, seier KS-leiaren. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...