Heim Nyhende Løland – stipend til Maria Parr

Løland – stipend til Maria Parr

 

Maria Parr er tildelt Rogaland fylkeskommune sitt Rasmus Løland – stipend.

Maria Parr har hausta ei mengd prisar for sin barnelitteratur. I 2009 fekk ho blant anna  Ole Vig – prisen, Teskjerringsprisen og Brageprisen  for barnebøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Og no nyleg vart barnebokforfattaren frå Vanylven kåra til Årets nynorskbrukar, juryen meinte ho skapte ein klok og serk litteratur som gav barn og unge ein moglegheit til å få meir kontakt med nynorsken.

Betyr mykje
– Det gjer meg glad og audmjuk – og eg får ein tryggleik for at eg kan halde på med det eg held på med. Det er stort og rart at det eg skriv vert sett pris på. Samstundes kjenner eg veldig på at det ikkje er prisar som er grunnen til å skrive. Barn delar ikkje ut mange prisar – så det betyr like mykje å få eit brev i posten frå ein liten lesar ein stad, som å få ein pris.

No vert altså Maria Parr heidra med Løland – stipendet.

– Det betyr enormt mykje. Det betyr at eg får lov til å skrive, seier prisvinnaren sjølv.

Rasmus Løland – stipendet vart oppretta av Rogaland fylkeskommune i 2007 og skal stimulere til auka produksjon av barne – og ungdomslitteratur samstundes som det skal gjere det mogleg for forfattarar å skrive på heiltid for ein periode, eller ta del i forfattarstudier og liknande. Stipendet er meint å vere ei oppmuntring til å produsere ny norsk litteratur for barn og ungdom. 

Skal vere kjekt
– Du har etterkvart fått eit tett forhold til Rasmus Løland sin litteratur og markeringa i Suldal, kva har dette å seie for deg som forfattar?

– Det var ei aha-oppleving å oppdage Rasmus Løland, og sjå at den norske barnelitteraturtradisjonen går så langt attende. Eg synest Løland er så flink til å skildre barn sin måte å føle på. Han er tildømes ekspert på å skildre det dårlege samvitet og andre kvaler, meiner Parr.

Den unge forfattaren trur at ein må gjere skrivinga til noko lysbetont og ufarleg for å få fram fleire unge forfattartalent.

– Veldig mange forbind skriving med det å skulle prestere, og ein er redd for å gjere feil. Skriving skal vere glede. Det er viktig. Eg har lært veldig mykje av å lese andre forfattarar, og av å skrive, skrive og skrive.

Vert forma
– Du er sjølv frå bygda, om enn ikkje langs rv 13, kva har bakgrunnen din å seie for deg som forfattar?

– Eg veit ikkje heilt. Eg hadde nok skrive annleis og om andre ting dersom eg hadde vakse opp ein annan stad. Men eg trur kanskje eg hadde skrive uansett. Bakgrunnen formar det eg skriv og måten eg skriv på, men den er nok ikkje avgjerande for at eg skriv.

Og til sommaren skriv ho vidare.
– No har eg fått stipend, så til sommaren og hausten, då kan eg endeleg sette meg ned å skrive. Då håper eg det kjem noko.

Rasmus Løland – stipendet er på 100.000 kroner.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...