Heim Nyhende Biblioteka opplever meir positive haldningar til nynorsk

Biblioteka opplever meir positive haldningar til nynorsk

I ei spørjeundersøking gjennomført av Framtida.no svarar 27 prosent av biblioteka at dei opplever meir positive haldningar til nynorsk blant lånarane sine. – Biblioteka er kjempeviktige som språkformidlar, seier Samlaget-redaktør.

– Nynorskhatet er ikkje så sterkt og framtredande som før. Det er heller ikkje like stovereint å fronta det, seier Mariann Schjeide. Ho er leiar i Norsk Bibliotekforening og styremedlem i Noregs Mållag.

I ei ny undersøking av Framtida.no og Pirion, der 125 folkebibliotek har svara, seier 27 prosent av biblioteka at dei opplever meir positive haldningar til nynorsk blant lånarane sine.

– Det kan òg ha å gjera med at me har jækla mange gode nynorske forfattarar, seier Schjeide og viser til populære forfattarar som Bjørn Sortland, Frode Grytten, Tore Renberg og Edvard Hoem – og Napoli-kvartetten til Elena Ferrante.

– Og så synest eg at mange av dei nynorske forfattarane ofte er meir medvitne på språket og det verkar meir gjennomtenkt det dei skriv. Det har med flyten i språket å gjera.

Dei siste seks månadene er Edvard Hoem si bok Jordmor på jorda blant dei 20 mest utlånte vaksenbøkene i Noreg.

– Biblioteka er kjempeviktig som språkformidlar

I fjor var det over 50.000 arrangement i norske bibliotek, og i fjor var 54 prosent av alle nordmenn innom eit bibliotek. Mariann Schjeide trur formidlinga av bøkene og møta med forfattarane, kan verka inn på haldningane til lånarane.

– Biblioteka er kjempeviktig som språkformidlar. Håpet er at dei nynorske bøkene blir formidla som norsk litteratur, og at bibliotekarane snakkar bøkene ut av hyllene, seier ho.

LES OGSÅ: Debattkokebok: Slik lagar du til debatt i biblioteket!

Mari Reinholt Aas er sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker nynorskforlaget Samlaget. Ho meiner formidling og tilgjengelegheit er det viktigaste for å få fleire til å lesa nynorsk.

– Me veit kor stor forskjell ein engasjert bibliotekar kan gjere for bøker og ungar på ein stad. Nynorsken treng ein flokk med dedikerte bokformidlarar, saman kan me gi ungane dei lesaropplevingane dei fortener.

– Kan ikkje passivt venta på etterspørsel

I undersøkinga er det fleire bibliotek som svarar at etterspørsel er det som skal til for at dei skal kjøpa fleire bøker på nynorsk.

Dét får Mari Reinholt Aas til å reagera:

– Bibliotekarane kan ikkje passivt venta på at barn og unge skal etterspørja nynorsk litteratur, dei må introduserast for han og få hjelp til å orientera seg i han.

Ho synest samstundes det er veldig interessant å sjå kva type bøker bibliotekarane saknar.

– Dei fleste av bøkene som blir etterspurt har me i porteføljen vår, så her må nok både bibliotekarar bli flinkare til å orientera seg, og me i Samlaget til å informera om det breie utvalet vårt.

Auka synleggjering og kunnskap om bøkene vil forhåpentlegvis auka etterspurnaden etter nynorsk litteratur, trur Mari Reinholt Aas.

LES OGSÅ: Fleirtal for nynorske turbibliotek i Bergen

Undergrunnsarbeid for nynorsken

I bokmålskommunen Eidskog i Hedmark driv biblioteksjef Randi Heggland Strøm det ho kallar aktivt undergrunnsarbeid for å få folk til å velja nynorske bøker på Tyrielden Eidskog bibliotek.

– Eg både bruker og tilrår ofte nynorske bøker til høgtlesing, og har dialog med lærarar og foreldre som er innom for å arbeida mot «nynorskangst». Det handlar om å normalisera nynorsken, fortel ho til Framtida.no

Randi Heggland Strøm er biblioteksjef på Tyrielden Eidskog bibliotek og driv undergrunnsarbeidet for nynorsk på biblioteket. Her er ho med ei bok av den lokale helten Hans Børli. Foto: privat

– Me gjer ikkje noko nummer ut av målforma, men eksponerer folk for det som ein naturleg del av utvalet av gode forteljingar. Eg prøver å skapa positive opplevingar, seier Randi Heggland Strøm, som sjølv kjem frå Øystese i Hardanger.

Både Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda og Elena Ferrante-kvartetten har toppa utlånsstatistikken på det sørlegaste biblioteket i Hedmark.

Fleire kjøper inn bøker på nynorsk

Sist veke kunne Framtida.no fortelja at eitt av fire bibliotek måtte kutta innkjøpa av bøker i år. Men 22 prosent av biblioteka som svarar i undersøkinga, seier at dei aukar innkjøpet av nynorske bøker. Berre 6,5 prosent av biblioteka seier dei kjøper fleire bøker på bokmål.

Som grafen under viser, er det over halvparten av biblioteka som har innkjøp av bøker på nynorsk som eit viktig mål. Men her er det store forskjellar. 70 prosent av biblioteka med nynorsk skilting er «svært einig» i at innkjøp av nynorske bøker er eit viktig mål for dei. Berre 8 prosent av biblioteka med skilting på bokmål meiner det same.

Av dei som svarar, er det 41 prosent som svarar at dei har skiltinga i biblioteket på nynorsk. Av alle dei 422 kommunane i landet, er det 113 kommunar som er nynorskkommunar. 151 er bokmålskommunar og 158 er språknøytrale. Det er dermed ein noko større del nynorske bibliotek som svarar i undersøkinga enn bibliotek i språknøytrale kommunar og bokmålskommunar.

LES OGSÅ: Biblioteka til kamp mot falske nyhende

Støttar fleire nynorsktiltak

I den nasjonale bibliotekstrategien som kom i haust, blei ikkje biblioteka si rolle som formidlar av nynorsk tematisert nokon stad.

Svein Arne Tinnesand er avdelingsdirektør for bibliotekutvikling i Nasjonalbiblioteket, og meiner dei likevel gjer mykje for å støtta nynorske tiltak i biblioteka.

– Me har støtta fleire initiativ som kjem frå lokale og regionale aktørar, seier han, og viser til støtte til alt frå nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane til eit prosjekt for å få ungdom i Akershus til å lesa meir nynorsk.

Han legg til at Nasjonalbiblioteket er politisk styrt av kulturministeren:

– Når statsråden jobbar mykje med språk, så merkar me det godt.

I Bokåret 2019 samarbeider Framtida.no og fleire nynorske aktørar om å kåra dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene med støtte frå Nasjonalbiblioteket.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...