Heim Nyhende Bjørnsonstipendet 2011 til Jan Roar Leikvoll

Bjørnsonstipendet 2011 til Jan Roar Leikvoll

Årets Bjørnsonstipend blir gitt til ein original forteljar som vågar å gå sine eigne vegar, blir det skrive i ei pressemelding.

Prisen blir delt ut klokka 15 i dag  under ein sermoni på Bjørnsonfestivalen.

Leikvoll debuterte i 2008 med «Eit vintereventyr», og i 2010 kom oppfølgjaren «Fiolinane». Leikvoll er ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar. For dette har han hausta unison ros frå kritikarar og lesarar. Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme.

«Eit vintereventyr» blei omtalt som ein «mirakuløs debut» og ei «svart perle», medan «Fiolinane» blei kalla eit mesterverk av kritikarane.  Leikvoll har tidlegare fått Skardstipendet, og for den siste boka «Fiolinane» fekk han Nynorsk Litteraturpris og vart nominert til Kritikarprisen.

Frå juryen si grunngjeving: «I båe romanane blir mennesket plassert i ekstreme situasjonar der hovudmålet er å overleva, anten det er ein konsentrasjonsleir eller eit samfunn råka av krig eller miljøkatastrofe, eller båe delar. Alt av normale samfunnsstrukturar har brote saman, alt håp synest borte, mennesket blir konfrontert med både si eiga utsletting og verdas undergang; og i ein slik eksistensiell tilstand degenererer figurane til eit dyrisk stadium.

Samstundes ber mennesket med seg minne frå ei anna tid, og desse minna, der refleksjon og moral, kultur og danning er viktige ingrediensar, utgjer ei motvekt til driftene og impulsane som elles styrer romanfigurane. Ei strime av humanitet og omsorg er tilbake, for eksempel gjennom den gamle bestefaren i Fiolinane, som innviar barnet til det vakre, til kunstens plass i livet, til draumen om noko anna enn det konkrete og brutale som omgir dei til dagleg.

Slik spelar romanane til Jan Roar Leikvoll på mørker og lys, gru og kanskje ein flik av håp, og dei gjer det med eit insisterande alvor som vekkjer lesaren. «

Stipendet blir delt ut av Litterært råd, Norsk Bokhandlerforening og Bjørnsonfestivalen . Det er på 15 000 kroner og tidlegare vinnarar av stipendet er Karl Ove Knausgård, Carl Frode Tiller og Sigmund Løvåsen. Stipendet går til  «en forfatter det er grunn til å knytte betydelige forventninger til og som fortrinnsvis er i etableringsfasen».

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...