Heim Nyhende Bragepris til nynorskforfattarar

Bragepris til nynorskforfattarar

 

Kari Stai og Lars Amund Vaage vann kvar sin pris under Bragepris-utdelinga onsdag kveld, melder NRK.

Kari Stai fekk Brageprisen i klassen for barne- og ungdomsbøker for boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake (Samlaget 2012). Dette er den andre boka om dei to vennene som har som sitt særpreg at den eine berre kan svare ja og den andre berre kan svare nei.

Lars Amund Vaage fekk prisen for beste roman i klassen for skjønnlitteratur. Romanen Syngja handlar om å leve med ei dotter med autisme, og boka kom ut på Oktober forlag i haust.

Linn T. Sunne fekk prisen i klassen for ungdomsbøker med boka Lille ekorn, medan Torbjørn Færøvik drog heim prisen i klassen for sakprosa med Maos Rike. En lidelseshistorie.  

Knut Faldbakken fekk dessutan Brageprisens heiderspris. Juryen peiker på at forfattarskapen til Faldbakken er ein av dei lengste og mest omfagsrike i norsk samtidslitteratur, og at forfattaren har greidd å vere både aktuell og kontroversiell gjennom heile forfattarskapen.

Brageprisen blir delt ut av stiftinga Den norske Bokprisen. Prisen har blitt delt ut årleg sidan 1992 og føremålet er å heidre gode norske forfattarskap, og å skape interesse for norsk litteratur.

Meir om utdelinga av Brageprisen kan du lese her og her

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...