Heim Nyhende "Bråk" i Odda

«Bråk» i Odda

Onsdag opnar Litteratursymposiet i Odda. Tema dette året er ”bråk”.

– Odda er ein bråkete plass, både historisk, industrielt og politisk. Det var derfor naturleg å velje ”bråk” som tema for årets litteratursymposium i Odda, seier Marit Eikemo, festivalleiar for Litteratursymposiet i Odda.

Det var derfor heilt naturleg å leggje eit arrangement til kommunestyresalen i Odda.

– Det er ikkje nokon plass i byen det har vore så mykje bråk som i kommunestyresalen, så for første gong skal festivalen ta plass der, seier Eikemo, som meiner det er viktig å bruke dei romma Odda har. Her skal professor Arild Linneberg drive litterær høyring med Vigdis Hjorth, Dag Solstad og Fredrik Fasting Torgersen.

Indre bråk

Programmet for festivalen i år speglar at bråk kan ha mange fasettar, men også ein motsets i stilla.

– Indre bråk er mellom anna eitt perspektiv vi skal sjå nærare på, seier Eikemo, og viser til Knut Olav Åmås og Jan Erik Vold som skal samtale om Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge, som båe to lei av ein form for indre bråk. Tema for samtalen blir derfor forholdet mellom litteratur, sjukdom og institusjon.

Det blir også meistermøte mellom forfattarane Kjell Askildsen og Dag Solstad som garantert vil berøre bråk og støy i det litterære feltet. Symposiet vil dessutan blåse liv i den litterære parodien, ein tradisjon som har kome litt vekk i seinare tid, seier Eikemo. Publikum vil mellom anna få vere med på urframføringa av teaterstykket Det bles opp, eit parodisk stykke ført i pennen av Tore Fosse (Renberg) og Frode Fosse (Grytten). Odda-rockens 50 år lange historie skal også markerast under symposiet, under fana Rock og røyk.

Låg terskel

Det er sjette året Litteratursymposiet blir arrangert, og Marit Eikemo seier det er lett å få forfattarar og litterære kapasitetar til å kome til Odda.

– For det første er ikkje dette eit typisk bransjestyrt arrangement. Litteratursymposiet er ein intim festival, og det er låg terskel hjå innbyggjarane og tilreisande for å kome på festivalen. Vi opplever også at det blir eit stadig større faglig miljø, frå heile landet, som kjem til Odda. Det har blitt eit hyggeleg møtepunkt mellom forfattar og publikum, og forfattarane vil gjerne kome hit.

Nytt av året er at ein vil ha parallelle sesjonar. Det har vore ei utfordring for festivalen at det blir meir enn fullt på arrangementa, og at ikkje alle får gå på det dei ønskjer. Eit luksusproblem, har Marit Eikemo uttalt tidlegare. Men no vil ein prøve ut nokre sesjonar som skal gå parallelt og sjå om det kan gjere at fleire får nytta seg at fleire tilbod.

Kulturministeren kjem

Sjølve opninga på onsdag er det kulturminister Anniken Huitfeldt som skal stå for. Ho held opningstala under Litterær kraftstasjon, og det markere også opninga av Litteraturhuset i Odda. Byggetrinn 1 er ferdig, og det gir symposiet og Odda enno ein ny arena, seier festivalleiar Eikemo.

Litteratursymposiet i Odda finn stad 12. – 16. oktober.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...