Heim Nyhende Kjempar for nynorsk i bokmål-land

Kjempar for nynorsk i bokmål-land

Språkvitar Jens Haugan vil blåse nytt liv i Hamar Mållag. Han er aller mest opptatt av å fremje toleranse og likestilling mellom målformene og dialektene.

Kvifor vil du starte mållag i Hamar, spør Hamar Dagblad språkvitaren.

– Ein skulle kanskje ikkje tru det, men eg har faktisk ikkje definert meg sjølv som «målmenneske» før nå i det siste. Men så kjem det jo òg an på kva ein meiner med eit målmenneske og kva ein meiner Noregs Mållag er eller står for. Eg var med i Nidaros Mållag i Trondheim eitt år på 1990-talet, men melde meg ut igjen fordi eg ikkje ønskte å bli identifisert med den type nynorskforkjemparar som ville at nynorsken skulle skrivast slik som Aasen utvikla han på 1800-talet. Eg er heller ikkje interessert i at nynorsk skal vere det einaste skriftspråket i Noreg. Men eg er interessert i at ein skal kunne bruke målforma si når som helst og i alle samanhengar utan heile tida å måtte forsvare seg eller bli møtt med negative haldningar. Målsak handlar for meg om likeverd og toleranse, forklarer han.

I utgangspunktet er Jens Haugan språkvitar. Han har skrive hovudoppgåve i tysk der han samanlikna strukturen i tyske omsetjingar av norrøne sagatekstar, og doktoravhandling om gamalnorsk ordstilling. Han er generelt interessert i språk og grammatikk, og spesielt i norsk – med nabospråka svensk, dansk og islandsk og tysk og engelsk, sidan dei i mange samanhengar er aktuelle for dei fleste av oss. Han liker å diskutere ulike sider ved språk og språkbruk.

– For meg er spørsmåla ofte viktigare enn svara, men eg prøver jo som regel å finne ut av ting eg ikkje forstår, seier han.
På 1990-tallet var det aktivitet i Hamar Mållag, men i 2007 blei det lagt ned. Jens Haugan reknar med at nokre av medlemene som framleis betaler kontingenten, vil vere med igjen nå. Haugan er kjent for dei fleste i Hamar-området som han som skriv kronikkar på nynorsk i avisene. Han har vore relativt åleine i leserbrevspaltene om å forsvare nynorsk, men det er ikkje derfor han vil blåse liv i mållaget.

– Eit lokalt mållag er eit lag som vil verne om måla i nærområdet. Hamar Mållag bør vere eit lag som informerer og skulerer om språkleg mangfald i nærområdet, og det bør vere sjølvsagt at ein arbeider for likestilling og toleranse. Det er på den måten at nynorsken får ei særstilling i eit mållag. Det er ingen løyndom at nynorsken har stadig vanskelegare kår, spesielt på Austlandet. Og det er nynorsken som gong på gong blir diskriminert og utsett for private og politiske åtak frå ulike sider. Skulane har gjerne kampanjar mot mobbing, men når skjer det i praksis at lærarar eller skuleleiinga slår ned på at elevane skriv «Spynorsk mordliste» på ordlistene sine? Mitt personlege mål er ikkje at fleire skal skrive nynorsk. Mitt personlege mål er at fleire skal godta at andre skriv nynorsk, og at dette er greitt, seier Haugan.

Han har i i første rekkje tatt initiativ til eit møte som skal haldast 31. oktober på Hamar. Mållagsleiar Håvard B. Øvregård skal vere med på møtet.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Eit nytt kulturløft må løfta nynorsk

– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for...

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...