Heim Nyhende Volda kommune vil bli papirlaus

Volda kommune vil bli papirlaus

Frå januar 2012 kan alle dei politiske utvala i Volda kommune bli papirlause. Det vil i følgje administrasjonen gi ei innsparing på rundt 50.000 kroner i året.

 

Dei politiske utvala vil på oppmoding frå politikarane redusere både kostnader og miljøkonsekvensar ved å kjøpe inn nettbrett til alle medlemene. Administrasjonen har rekna ut at dersom alle utvala går over til digitale løysingar, kan ein spare opptil 50.000 kroner kvart år på porto, kopipapir og vedlikehald av kopimaskinar. I tillegg vil miljøet vere tent med eit lågare papirforbruk, skriv Nærnett, lokale nyhende frå journalistutdanninga i Volda, på sine nettsider.

 

Slike nettbrett kan frå januar neste år vere fast inventar i kommunen  sine utvalsmøte.

Andre kommunar i Møre og Romsdal har allereie tatt i bruk pc’ar og nettbrett, mellom anna Vestnes i 2008 og Ørskog tidlegare i år. Deira erfaringar er, i følgje Volda kommune sine dokument, positive.

I skrivet frå administrasjonssjef Jarle Krumsvik heiter det at ordninga kan innførast i dei fire store utvala: Formannskapet, driftsstyret, forvaltningsstyret og kommunestyret. Dei nye løysningane vil bli finansiert med eit låneopptak.

Før den nye ordninga blir innført, må kommunen avgjere om dei skal satse på pc eller lesebrett.

Dei politikarane som nektar å ta i bruk dei elektroniske alternativa på utvalsmøta kan, med ordføreren si velsigning, hente papirutgåvene av utvalsdokumenta på kommunen sitt servicekontor. Dokument som er unnatekne offentlegheit vil framleis bli sende ut i papirversjon for å ivareta sikkerheita.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...