Heim Nyhende Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk

Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk

Eitt departement skriv for mykje nynorsk. Fleirtalet skriv for lite.

 

Ferske tal på kva målform departementa bruker, viser store forskjellar mellom departementa. Av 17 departement, er det berre fem som klarte kravet om 25 prosent nynorsk i alle typar dokument i 2013.

– I det store og det heile er det ikkje nok bruk av nynorsk i departementa. Det er mindre enn det lovbaserte minstekravet, seier direktør i Språkrådet Arnfinn Muruvik Vonen til Framtida.no.

LES OGSÅ: – Alvorleg med ulovleg statskvitring

Nedgang

Frå 2012 til 2013 er det ein nedgang i delen av stortingsdokument – frå 26,3 prosent til 23,3 prosent. I andre kortare dokument var det ein nedgang frå 24,7 til 20,2 prosent nynorsk.

– Det er ikkje heilt bra. Departementa har òg ansvar for å halda krava til målbruk oppe i underliggjande organ. Eg ville vore glad om departementa kunne vera gode forbilde, seier språkdirektøren.

– Kuriøst unntak

82,4 prosent av sidetalet i stortingsdokumenta frå Landbruks- og matdepartementet var i 2013 på nynorsk, noko som gjer at dei bryt mållova på ein uvanleg måte: dei har mindre enn 25 prosent bokmål.

– Det er nesten eit kuriosum, og berre eitt tal blant frykteleg mange. I den store samanhengen er det ikkje så ille, men ei motvekt til det store underskotet av nynorsk hos andre departement. Rett skal vera rett, men i denne samanhengen er det ikkje noko å kritisera, slår språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen fast.

Berre to gonger før dei siste seks åra har eit departement hatt for lite bokmål i stortingsdokument: Fornyings- og administrasjonsdepartementet i 2009 og Kunnskapsdepartementet i 2010.

Når det gjeld andre dokument over 10 sider har Landbruks- og matdepartementet likevel berre klart å 14 prosent nynorsk i fjor. 

Ifølgje Lov om målbruk i offentleg teneste (Mållova) er sentrale statsorgan språkleg nøytrale. Dei skal veksla mellom nynorsk og bokmål. På nettsider, i stillingsannonsar og i rapportar og anna skriftleg tilfang skal ingen av målformene vera representerte med mindre enn 25 prosent hjå sentrale statsorgan.

Sjekk ut språkstatistikken her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...