Heim Nyhende Kommunekutt trass nye budsjettmillionar

Kommunekutt trass nye budsjettmillionar

Den store applausen lèt venta på seg frå kommunane, sjølv om dei får fleire millionar til barnehagane. Opposisjonen meiner KrF og Venstre selde seg billeg i den siste budsjettrunden.

 

– Me er ikkje i mål, konstaterer Helge Eide, direktør for interessepolitikk i kommuneorganisasjonen KS.

Regjeringas to støtteparti sørgde for å plusse på kommuneøkonomien med 175 millionar kroner. Det er den største endringa i revidert nasjonalbudsjett. Slik bøter dei på noko av underfinansieringa av barnehagane, som kjem av at regjeringa rekna med at auka kontantstøtte ville gje mindre behov for barnehageplassar. Slik gjekk det ikkje, og no har regjeringa sett seg føre å betra utrekningsmodellen.

Eide seier KS set pris på den politiske viljen til å retta opp i feilen med meir pengar, men påpeikar at kommunane framleis må kutta på andre område for å oppfylla retten til barnehageplass.

– Ei fornærming

Heller ikkje i opposisjonen stod jubelen i taket over det reviderte budsjettet som vert vedteke av Stortinget rett før sommarferien.

– KrF og Venstre har seld seg billeg, konstaterer Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad, medan Snorre Valen, SVs medlem i finanskomiteen, meiner påplussinga til barnehagane er så lita at det er ei fornærming mot kommunane.

Arbeiderpartiets finanspolitiske talsmann og påtroppande leiar, Jonas Gahr Støre, meiner dei fire borgarlege brukar små summar på mindre føremål.

– Men billegare alkohol og båtmotorar står framleis igjen som dei viktigaste prioriteringane etter forliket, meiner han.

Opposisjonen er samstemde i at dei fire partia burde nytta høvet til å endra på permitteringsreglane som vart stramma inn ved nyår. Slik vart det ikkje, og arbeidsgivarane må framleis betala løn til permitterte i 20 dagar, i staden for 10 som før. Konsekvensen er at fleire tilsette vert oppsagde i staden for permitterte i tronge tider.

Plussa på

Til saman er det plussa 380 millionar kroner på budsjettet gjennom forhandlingane.

Den mykje omtalte reknebommerten frå Kunnskapsdepartementet om stimuleringstilskotet til lærlingbedrifter vert bøta på. 10 millionar kroner ekstra er sett av til føremålet, vel 80 millionar kroner mindre enn det Arbeidarpartiet har påstått at trengst.

Regjeringa fekk på si side gjennomslag for at reisande kan få byta ut tobakkskvoten med vin i taxfreebutikken. Ei gladmelding, erklærte Frps Gjermund Hagesæter på pressekonferansen der budsjettsemja vart presentert.

– Dette er ei positiv utvikling som gjev større valfridom for den einskilde, sa Hagesæter, medan KrFs Hans Olav Syversen smilte avvæpnande ved sida av han.

– Det vart litt for mykje for oss å svelgja unna, sa Syversen og gjorde det klart at KrF reserverer seg mot dette punktet.

Billegare båtliv

Hagesæter kunne også gi båtfolket det glade bodskapen om at avgiftene på båtmotorar vert kutta, noko han la fram som eit miljøtiltak. Nye motorar både bråkar og ureinar mindre enn gamle, påpeikte han.

Venstres Terje Breivik fortalde at partiet har fått gjennomslag for å auka støtta til kunnskapssektoren med 50 millionar kroner, og dessutan påskjøningsordningar for kollektivtrafikk og sykkelvegar på høvesvis 65 og 10 millionar kroner. Eit anna miljøtiltak er at støtta til Transnova, eit statleg selskap som skal kutta klimautslepp frå transport, får 10 millionar ekstra.

Inndekking for dei nye utgiftene hentar samarbeidspartia hovudsakleg i Finansdepartementets ymsepost, men 56 millionar kroner i reduserte kjøp av klimakvotar hjelper òg. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...