Heim Nyhende Budsjettforliket gav pengar til Vinje-senter

Budsjettforliket gav pengar til Vinje-senter

I budsjettforliket mellom Høgre/Frp-regjeringa og støttepartia KrF og Venstre vart det sett av pengar til oppstart av Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark.

– Eg er hoppande glad, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum, som saman med Vinje kommune står bak museumssatsinga.

Ottar Grepstad er strålande nøgd med å få midlane til Vinjesenteret. Foto: Lars O. Flydal/pressefoto
Vinje-senteret kom i siste runde inn på statsbudsjettet med ei løyving på 1,2 millionar kroner. Dermed kan det nye museet for dikting og journalistikk i Vinjar samfunnshus tilsetje den første medarbeidaren neste år.

– Vi er avhengige av at Vinje kommune løyver sin del for 2017, og det stoler eg på at Vinje kommunestyre gjer 15. desember, seier Grepstad.

I prosjektplanen er det lagt opp til eit driftsbudsjett på 2,6 millionar kroner det første driftsåret, der Vinje kommune og Telemark fylkeskommune bidrar med kvar sin del. Stiftinga Nynorsk kultursentrum skal stå for drifta av museet.

Vinje-senteret er tenkt som eit museum for dikting og journalistikk på nynorsk og bokmål og er kalla opp etter journalisten og forfattaren Aasmund Olavson Vinje frå Vinje.

I budsjettforliket fekk òg Nynorsk pressekontor og Nynorsk avissenter auka støtta med 0,5 millionar kroner kvar, mens Landslaget for nynorskkommunar (LNK) fekk 0,3 millionar kroner. I 2016 får LNK ei støtte på 1,2 millionar kroner. (©NPK)

LES OGSÅ: LNK så vidt inne i statsbudsjettet – ber om hjelp frå Stortinget

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...