Heim Nyhende 476 fråsegner for nynorsk i Vestlandsregionen

476 fråsegner for nynorsk i Vestlandsregionen

– Høyringa stadfestar kor viktig nynorsk er for mange på Vestlandet, seier Ottar Grepstad.

 

Over 600 høyringsfråsegner kom inn om Vestlandsregionen. Åtte av ti fråsegner handla om språk, og 476 fråsegner gjekk inn for nynorsk. Om lag ti fråsegner vil ha bokmål eller ein språknøytral region.

– Takk til alle som brydde seg og sa kva dei meiner, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum, som er svært godt nøgd med resultatet.

Fylkestinga bestemmer

Denne og neste veke tek dei tre fylkestinga endeleg stilling i regionsaka. I eit felles bev til fylkestinga peikar leiarane i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag og rådsordføraren i Nynorsk kultursentrum på at mange no ventar at fylkestinga gjer vedtak om språk og ikkje sender saka over til ei fellesnemnd i framtida.

«I respekt for demokratiske spelereglar og dei som har teke imot invitasjonen til å engasjere seg i regionsaka, bør fylkestinga ta stilling no. Det er fylkestinga dei har valt, dei som har ytra seg, og det er til desse fylkestinga dei har vendt seg med meiningane sine. Då må ikkje dette reduserast til ei oversendingssak til eit organ ingen har røysta på», heiter det i brevet som alle fylkestingsmedlemene fekk fredag.

Vellukka aksjon

Tidleg i oktober inviterte Nynorsk kultursentrum Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar til ein aksjon der målet var minst 250 høyringsfråsegner for nynorsk. Resultatet blei nesten dobbelt så mange.

– Vi la fram fakta og eit dusin sentrale argument og gjorde alt saman lett tilgjengeleg på nettet. Fråsegnene skreiv folk sjølve, fortel Grepstad. Han rosar målrørsla for godt arbeid og fortel at 69 lokale mållag og ungdomslag sende fråsegner. Blant dei meir enn 400 andre som vil ha nynorsk, er både Bergen kommune, Hordaland Unge Høgre, Sparebanken Vest, Fagforbundet i dei tre fylka, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Odda og Jæren prosti.

– Rett frå grasrota

Åtte av ti går inn for nynorsk, anten i generelle vendingar eller meir presist om språk i skriv frå staten og/eller administrasjonsspråk i regionen. Seks av ti fråsegner er skrivne av privatpersonar, og nesten alle desse handlar om språk.

– Stikkprøver viser at halvparten av privatpersonane ikkje er med i noko mållag. Her er det grasrota, grunnplanet, folk flest som snakkar og skriv, ikkje dei som ofte og gjerne tek ordet, seier Grepstad.

Måndag morgon var 613 fråsegner registrerte. Det gjer denne høyringa til ei av dei største i nyare tid:

– Det kom inn fleire høyringsfråsegner om søndagsopne butikkar, og den saka gjaldt kvart einaste lokalsamfunn i heile landet. Meiningane er delte om regionen, men språket har ingen lenger sakleg grunn til å vere i tvil om, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Tabell med oversikt over dei innsendte høyringsfråsegnene

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...