Heim Nyhende Bygdebarnehagar slit med minoritetsspråk

Bygdebarnehagar slit med minoritetsspråk

Barn som ikkje har norsk som morsmål, får ikkje den opplæringa dei har krav på i barnehagen. Verst er det utanfor dei største byane.

 

Barnehagane på bygda har ofte få barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. No viser det seg at dei også har lite fagleg kompetanse i fleirkulturell pedagogikk, skriv Forskning.no.

Berre tre prosent av pedagogiske leiarar og styrarar i kommunar med færre enn 40.000 innbyggjarar har formell utdanning i fleirkulturelle emne, viser ei undersøking gjort av forskar Camilla Eline Andersen ved Høgskolen i Hedmark.

– Eg møter ofte ei haldning om at det ikkje er det same behovet for utdanning i fleirkulturell pedagogikk på mindre stader, seier Camilla Eline Andersen til Forskning.no.

Andersen meiner fråværet av minoritetsspråka i den pedagogiske praksisen som vert rapportert inn, er slåande. 83 prosent av styrarane rapporterer at ingen av dei fleirspråklege barna får tospråkleg assistanse av tospråkleg personale.

– Det som vert gjort i mange barnehagar i dag, reflekterer ikkje dei verdiane og det mandatet som offentlege dokument uttrykkjer. Svært få fleirspråklege barn får tospråkleg assistanse av tospråkleg personale, seier ho. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...