Heim Nyhende Bygdelistene blir færre

Bygdelistene blir færre

Talet på lokale lister utanfor dei etablerte partia har minka jamt i kommunevala sidan den siste bygdelisteboomen på 1990-talet. I år er det rundt 150 bygdelister å røysta på rundt om i kommunane, mot nærmare 180 for fire år sidan.

 

Det betyr likevel ikkje at bygdelistene er i ferd med å døy ein sakte død, trur statsvitar og lokalpolitikkforskar Mona Strand ved Høgskolen i Hedmark.

– Desse lokale listene poppar opp og kjem og går, og det er ofte heilt konkrete saker som løyser dei ut. Dei fungerer gjerne som ein lufteventil for frustrasjonar av ymse slag og kan vere både eit supplement og ein vekkjar for dei tradisjonelle partia når dei ikkje er flinke nok til å fange opp lokale straumdrag, seier Strand.

Nynorsk pressekontor har telt 157 bygdelister til kommunestyrevalet til hausten ved å gå gjennom alle vallistene som Kommunal- og regionaldepartementet har lagt ut på valsidene sine valg.no.

LES OGSÅ: Flest nynorskbrukarar blant SP-veljarane

Kommunereforma
Mona Strand hadde ved det kommande kommunevalet likevel venta seg eit større innslag av nye lister knytte til kommunereforma, ettersom kommunesamanslåing nettopp kan vere ei slik sak som fører til at folk bryt ut av dei tradisjonelle partia og engasjerer seg i ei lokal liste i staden.

– Utan å ha meir konkret belegg for det så ser det ikkje ut til at kommunereforma har ført til noka stor oppblomstring av lokale lister, seier Strand.

Heilt fråverande er dei likevel ikkje, og dei fleste bygdelistene har eit klart standpunkt for eller mot ei samanslåing eller korleis kommunen bør behandle spørsmålet. Blant dei som er oppretta først og fremst for å kjempe mot kommunesamanslåing, er Glad i Hurdal i Akershus og Lardal tverrpolitiske liste i Vestfold.

Strand ser ikkje vekk frå at behovet for slike protestlister kan ha vorte mindre etter at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) dempa truslane om tvang og pisk.

– Presset er dempa ein heil del, og det har nok ført til at prosessane i kommunane går føre seg på ein annan måte og blir opplevd annleis. Så det var nok eit lurt trekk i så måte, seier ho.

LES OGSÅ: MDG får likestillingskritikk

God oppslutning lokalt
Bygdelistene høyrer inn under samlekategorien «andre» i stemmeoversyn og meiningsmålingar, og på landsbasis er oppslutninga nokså lita. Ved det førre kommunevalet fekk lokallistene og «andre» berre 2,1 prosent av stemmene, men i dei kommunane der éi eller fleire bygdelister stilte til val, fekk dei i gjennomsnitt 18,3 prosent av stemmene.

Dermed speler dei mange stader ei stor rolle i lokalpolitikken. Dei siste fire åra har bygdelistene hatt ordføraren i 17 kommunar. I Utsira i Rogaland og Modalen i Hordaland representerer alle kommunestyrerepresentantane lokale lister. I Flå i Hallingdal har Bygdelista for Flå hatt ein sterk posisjon sidan tidleg på 1980-talet, og i Hå på Jæren har Nærbølista – opphavleg starta for å skilje Nærbø frå Hå – vore eit stort «parti» i nesten 50 år. I år får dei kamp frå den nye Samlingslista for søre Hå, som mellom anna vil kjempe mot kommunesamanslåing.

– Bygdelistene har ikkje døydd ut. Dei er der enno trass i det vi kan kalle politiseringa av lokalpolitikken, noko som har vore eit dominerande trekk gjennom heile det førre hundreåret, og som held fram enno, seier Mona Strand.

Når dei nasjonale partia stiller lister i stadig fleire kommunar, får folk meir å velje i. Det kan vere ei viktig årsak til tilbakegangen for bygdelistene, meiner ho.

– Til og med nokså små parti stiller lister i mange kommunar, slik at partifloraen i det heile blir mykje større, også i småkommunane.

Mindre av eit småkommunefenomen
Eit anna trekk er at bygdelistene gradvis har vorte mindre av eit utkant- og småkommunefenomen. Framleis er det flest slike lister i den nordlege landsdelen, men dei dukkar oftare opp på Austlandet enn før, også i større kommunar. Derfor trur ikkje Strand bygdelistene forsvinn om vi i neste omgang får fleire storkommunar.

– Vi ser jo det i Hamar, som er ein av dei største kommunane i Hedmark. Der hadde By- og bygdelista ordføraren i tre periodar, og dei er framleis store. Tidlegare ordførarar Einar Busterud stiller i år igjen som ordførarkandidat, og det blir spennande å sjå korleis det går. Han ligg jo ikkje dårleg an, seier Strand, som sjølv har sete tre periodar som kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Åmot i Hedmark.

By- og bygdelista såg dagens lys etter at kommunane Hamar og Vang vart slått saman tidleg på 1990-talet. Den nye lista tok da raskt posisjonen som den nest største gruppa i kommunestyret føre Høgre og har halde seg der.

– Kommunesamanslåing kan jo føre til at ein får ein del meir tradisjonelle bygdelister knytte til bestemte geografiske område innanfor ein ny kommune, til dømes. Eg trur nok at dei lokale listene framleis kjem til å vere der, om ikkje med veldig stor oppslutning. Men at dei kjem til å spele ei rolle, det trur eg, seier Strand. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...