Heim Nyhende Bygdeturisme med god tru på sommaren

Bygdeturisme med god tru på sommaren

Verksemder innan bygdeturisme og gardsmattilbod har tru på at denne sommaren blir som i fjor eller betre. Mange av dei ser også optimistisk på framtida.

 

Det går fram av ei gransking blant medlemmene av Hanen, som er næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg. Hanen har i dag rundt 400 medlemmer og så langt i år har 40 nye kome til.

God sommar

Så mange som 90 prosent av verksemdene trur sommaren 2015 blir som i fjor eller betre. 74 prosent er ganske eller svært optimistiske for framtida for eiga verksemd.

– Det er sterke tal, som vi er veldig nøgde med. Sommarsesongen er svært viktig for alle som tilbyr bygdeturisme med overnatting, servering og opplevingar. Trua på ein god sommarsesong har halde seg høg gjennom mange år, viser tilsvarande granskingar før. Og det har tidlegare vist seg å slå til, så det blir spennande å sjå om forventingane slår til også i år, seier dagleg leiar Bernt Bucher Johannessen i Hanen.

Få pessimistar

– Berre 3 prosent av dei spurde synest 2015 så langt har vore mykje dårlegare enn på same tid i fjor. 10 prosent svarte litt dårlegare. Det er også 3 prosent som er ganske pessimistiske for framtida. Så sjølvsagt er situasjonen vanskeleg for enkelte av medlemmene våre, men det generelle inntrykket er at det går svært bra for dei fleste som driv med bygdeturisme eller gardsmat, seier Ole Jonny Trangsrud, marknads- og mediesjef i Hanen.

Fleire tener meir

Eit spørsmål i granskinga gjeld årsomsetning. I fjor hadde rundt 38 prosent av dei spurde ei omsetning på meir enn 1 million kroner. I 2010 var det 21 prosent som svarte det same. Samtidig har gruppa med omsetning under 1 million blitt mindre frå 2010 (76,3 prosent) til 2014 (61,6 prosent). Gruppa med minst omsetning (under 100.000 kroner i året) har gått ned gjennom åra og har lege på om lag 15 prosent dei siste åra.

Lokalmat og unike opplevingar

– Verksemdene blir større og tener meir. Det rimar med det vi ser elles. Lokalmat er blitt meir og meir populært, hyttestatistikken til DNT viser godt belegg. Det er ein trend at nordmenn er villige til å betale for spesielle opplevingar i eige land. Matprodusentar som har eigne nisjar går derfor veldig bra, særleg viss dei kombinerer med ulike aktivitetar. Det same gjeld dei som tilbyr opplevingar og aktivitetar og knyter dei til lokalmatprodukt. Dei verksemdene som set saman pakkar av produkt til turistane, kjem best ut, seier Bucher Johannessen.

– Folk er blitt meir opptekne av å gjere noko som ikkje alle andre har gjort. Då er det mykje å hente for dei turistverksemdene som skil seg ut og er spesielle. Dei får mest merksemd og omtale. Men det er klart at marknaden i Noreg er liten. Så mange som driv med bygdeturisme og gardsmat, er avhengige av å sjå mot utlandet for vidare auke på sikt, legg Ole Jonny Trangsrud til. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...