Heim Nyhende Stillingsutlysing: Dagleg leiar for LNK

Stillingsutlysing: Dagleg leiar for LNK

– Spennande leiarstilling

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK, er ein interesseorganisasjon for kommunar og fylkeskommunar med føremål å fremja nynorsk språk og kultur. Organisasjonen tek og på seg informasjons- og kulturfaglege oppgåver som set nynorsk språk inn i nye samanhengar. Ved sida av kursverksemda legg LNK særleg vekt på tilbod til barn og unge. Organisasjonen driv mellom anna Framtida.no, Framtidajunior.no, Magasinett.no, Pirion.no, Startsida.no og LNK.no. Organisasjonen har i dag åtte tilsette. Dagleg leiar går av med pensjon frå årsskiftet og vi søkjer hans etterfølgjar.

Dagleg leiar har det daglege ansvaret for drift og utvikling av organisasjonen. Han eller ho skal følgja opp medlemskommunane, og sjå til at styret og Landstinget sine vedtak vert gjennomførte. Dagleg leiar har ansvaret for å leggja til rette og utvikla LNK si kursverksemd.

Vi ønskjer ein dagleg leiar som:

• Identifiserer seg med saka og vil vera ein pådrivar internt og overfor kommunar og sentrale styresmakter

• Har interesse for språkpolitisk arbeid, og kunnskap om offentlege prosessar

• Har gode samarbeidsevner og kan skapa engasjement blant tilsette og medlemskommunar

• Har gjennomføringsevne og er oppteken av resultat

• Har utdanning frå høgskule/universitet

• Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr:

• Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver

• Løn etter avtale

• God pensjonsordning

• Hovudkontor i Oslo, med mogelegheit for å jobba frå heimekontor

Meir informasjon finn du på LNK.no, og spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Solfrid Borge, som har telefon 95243044.

Søknad må sendast til solfrid.borge@lofthus.no innan 20. juni 2021.

NYNORSK INSPIRASJON

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

Fem bibliotek kan bli nynorskfyrtårn

På landsmøtet i Noregs Mållag i helga lanserer direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark ei ny satsing på nynorskformidling i...

Tips til digital litteraturformidling på nynorsk

Kreativiteten i den digitale litteraturformidlinga blømer i desse koronatider! Utlånet av digitale bøker har auka dramatisk etter at biblioteka stengde. Her har me samla fleire tips...
Foto: Colourbox

Her finn du digitale skuleressursar på nynorsk

Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen. Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det...

MEST LESE

Mange elevar ventar på nynorskbøkene – i år igjen

Noregs Mållag anslår at rundt 3.500 elevar på kvart kull av påbygg og studiespesialiserande har nynorsk som hovudmål og blir ramma av...

Ål kåra til Noregs kulturkommune

Ål kommune vart under Arendalsuka utropt til Noregs kulturkommune 2021. Kommunen vann fram i konkurranse med Bergen, Hammerfest og...

SV krev betre nynorskopplæring i lærarutdanningane

Fleire undersøkingar viser at lærarstudentar får altfor lite undervisning i nynorsk gjennom utdanninga si. No vil SV endra på dette.

Godt å møtast til festspel igjen

Festspelpublikummet i Ørsta og Volda fekk høyre og sjå programpostar med både Hallstein Bronskimlet, bibelspråk, konspirasjonsteoriar, frisk popmusikk og eksperimentell tango.