Heim Nyhende Statssekretær: – Viktig at barnehagane tar ansvar for å lesa på nynorsk...

Statssekretær: – Viktig at barnehagane tar ansvar for å lesa på nynorsk og dialekt

Statssekretær Grunde Kreken Almeland (V) seier det er viktig at barnehagane tar ansvar for å lesa og synga også på nynorsk og dialekt, særleg i barnehagar som har nynorsk som hovudmål.

Nynorske barnehagar syng og les meir på bokmål enn nynorsk, viser ei ny undersøking frå Pirion og LNK.

Pirion har sendt spørsmål til den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet om kva dei tenkjer om dette. Statssekretær Grunde Kreken Almeland (V) svarar det er viktig at barn møter eit mangfald av språk i barnehagen, og at dei møter språk på ein naturleg måte.

– Å synga songar på nynorsk, bokmål, dialekter og på andre språk, er ein eigna og naturleg måte å møta språk på. Derfor er eg glad for at språk og kommunikasjon har ein svært sentral plass i rammeplan for barnehagen, skriv han i ein epost til Pirion.

– Barna skal få god språkstimulering

Statssekretæren viser til at rammeplanen legg vekt på at personalet skal anerkjenna barna sine ulike uttrykk for kommunikasjon og språk, og at barna skal få god språkstimulering.

– Barna i barnehagen skal òg møta ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, reglar, songar, litteratur og tekstar frå samtid og fortid. Her er det viktig at barnehagane tar ansvar for å lesa og synga også på nynorsk og dialekt, særleg i barnehagar som har nynorsk som hovudmål, understrekar han.

LES OGSÅ: Noregs Mållag om bokmål i barnehagane: – Problematisk

– Barnehageeigarane har ansvaret

– Kva vil regjeringa gjera for at fleire barn som seinare skal starta på skular med nynorsk som opplæringsmål, skal få møta meir nynorsk i barnehagen?

– Rammeplanen seier at barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst og stimulera til språkleg nysgjerrigheit, medvit og utvikling. Det er barnehageeigarane sitt ansvar å sørga for at deira barnehagar følgjer rammeplanen, slår Grunde Kreken Almeland fast.

– Nynorsksenteret har, som me ser i artikkelen om undersøkinga, tips og ressursar som kan stimulera til utforsking av språket. I nettressursen Språkløyper ligg det òg gode idear til korleis barnehagar kan arbeida med språk. I tillegg finn ein her lister over gode barnebøker på nynorsk, påpeikar han.

Fredar rammeplanen

– Rammeplanen for barnehagen nemner ikkje nynorsk med eitt ord. Professor Eli Bjørhusdal ved HVL seier at rammeplanen og barnehagelova må tematisera nynorsk og ta inn i seg formuleringar om at barn som skal møta nynorsk i skulen òg må møta nynorsk i barnehagen. Er det aktuelt for regjeringa å gjera noko med dette?

– Nei, det er det ikkje. Nynorsk er eit skriftspråk, og skriveopplæring er ikkje ei oppgåve for barnehagen. Derfor omtalar ikkje rammeplanen nynorsk eller bokmål. Men rammeplanen seier at personalet skal støtta leiken til barna med mellom anna utforsking av skriftspråket, avsluttar statssekretær Grunde Kreken Almeland (V).

LES OGSÅ: Knyter språk og identitet saman i barnehagen: – Nynorsk gjennomsyrar alt

Lurivarklubben malar portrett av Ivar Aasen. Foto: Dalane barnehage

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...