Heim Nyhende Deler ut klarspråkpris

Deler ut klarspråkpris

14. februar ønskjer prosjektet «Klart språk i staten» velkomen til klarspråkkonferanse i Oslo. Statsråd Rigmor Aasrud skal dele ut Statens klarspråkspris for 2011 under konferansen.

Klarspråkprisen blir delt ut til eit statleg organ som har gjort ein ekstraordinær innsats for å betre språket i sin kommunikasjon med publikum. Prisen blir delt ut for tredje gong. Tidlegare prisvinnarar er Lånekassen og Utlendingsdirektoratet. Prisvinnarane må ha gjennomført konkrete tiltak med gode resultat.

Prosjektet «Klart språk i staten» og nettstaden deira er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet.

Under konferansen i februar skal dr. Neil James, som leiar International Plain Language Working Group vere med. Han har publisert fleire bøker og artiklar om klarspråk. Dekan Hans Petter Garver ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo skal snakka om lovspråket og kva omsyn ein må ta om ein skal endre språket i lovtekstar. Seniorrådgjevar Inger Riis-Johannessen frå lovavdelinga i Justisdepartementet skal snakka om dråleg språkleg kvalitet i regelverk og kva som kan blir gjort for å betre kvaliteten. NAV skal også fortelje om sitt arbeid med klarspråk.

Konferansier for klarspråkkonferansen er Eirik Bergesen. Bergesen leiar mediebyrået Norsk Opplysningsproduksjon (NOPP) og lager mellom anna satiresida Opplysningskontoret.org. Han har jobba som tekstforfattar for mellom andre radioprogrammet Hallo i uken, Are Kalvø, Harald Eia og Bård Tufte Johansen. I tillegg har Bergesen jobba ti år i Utenriksdepartementet.

Førre artikkelFolk flest
Neste artikkelNye tradisjonar

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...