Heim Nyhende Deler ut pris for god offentleg målbruk

Deler ut pris for god offentleg målbruk

Annakvart år deler LNK ut ein «Pris for god offentleg målbruk. I 2011 fekk Sogndal Fotball prisen og takka med eit skikkeleg Sogndal-show under landstinget på Sand. 

Prisen for 2013 blir delt ut av Kari Traa under LNK-landstinget på Voss i april. Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, er spent på kven som får årets pris. 

– Dette vågar eg ikkje å spå noko om. Pris for god offentleg målbruk er ein pris som femner vidt. Prisen har gått til alt frå kommunar til kokkar og musikarar. Dei første åra var nok ideen først og fremst å gi ei oppmuntring til offentlege etatar og institusjonar som gjorde ein særskild innsats for nynorsken. Etter kvart kan det sjå ut som om prisen meir og meir har gått frå «god offentleg målbruk» til «god målbruk i det offentlege rom». Altså alle profilerte nynorskbrukarar, seier Høviskeland og meiner det er langt frå Peer Gynt-spelet og Odd Nordstoga til Fylkesmannen i Rogaland og Vågå reiselivslag, sjølv om alle er tidlegare prisvinnarar. 

No håpar han både medlemer og einskildpersonar kjem med forslag. Styret i LNK er jury og skal avgjera kven som får prisen på eit møte 8. mars. Prisen er på 50 000 kroner og eit grafisk trykk av Ludvig Eikaas: «Titt eg minnest», med motiv frå det gamle Aasen-tunet i Hovdebygda.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...