Vinje grunnla den nynorske journalistikken og synte at landsmålet kunne brukast i alle sjangrar.
Denne veka sa kulturminister Trine Skei Grande i Stortinget at ho ønskjer eit breitt forlik om støtteordningane for mediebransjen.
![](https://lnk.no/wp-content/uploads/2018/04/framtida.no_wp-content_uploads_2017_09_magne_aasbrenn1b1-e1522935686234-265x300.jpg)
– Dette er klokt. Journalistikken treng føreseielege rammevilkår. Men no må ikkje Trine Skei Grande gløyme nynorskjournalistikken, slik Åmås-utvalet gjorde, seier Magne Aasbrenn.
Han peikar på at NOU-en (Noregs offentlege utgreiingar) om mediemangfald, som blei skriven under leiing av Knut Olav Åmås, ikkje tok opp det språklege mangfaldet i Noreg.
Foreslår fire tiltak
Magne Aasbrenn peikar på fire tiltak kulturministeren kan ta tak i:
– å styrkje distriktskontora til NRK,
– å presisere at NRK og TV2 bør få krav på seg til å bruke nynorsk på nett,
– å sørgje for at pressestøtta særleg løftar lokalavisene og dei meiningsberande avisene
– å ikkje opne for nye støtteordningar utan utbyteavgrensing.
– Slike ordningar ville gått til å sponse storavisene med nynorskforbod. Det er ikkje staten si oppgåve å støtte opp om språksensur, seier Magne Aasbrenn.
Han trur Grande kan bli ein språkminister Aasmund Olavsson Vinje ville vore stolt av.
– Om Trine Skei Grande bruker jubileet til å gje nynorskjournalistikken eit løft, er det eit ferdaminne som står seg, avsluttar Magne Aasbrenn.