Heim Nyhende Desse fire kommunane kan vinna prisen Årets nynorskkommune 2020

Desse fire kommunane kan vinna prisen Årets nynorskkommune 2020

Hareid kommune, Kvinnherad kommune, Sunnfjord kommune og Voss herad er finalistane i årets tevling, som har god koronainformasjon som tema.

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I år har juryen prioritert kommunar og fylkeskommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa.

– Me har fått inn mange gode søknader frå både små og store nynorskkommunar i år. Det er oppløftande å sjå så mykje godt nynorskarbeid ute i kommunane. Samtidig gjer det arbeidet med å velja ut priskandidatar vanskeleg. Etter ei samla vurdering av nynorskarbeidet i kommunane har juryen landa på fire verdige kandidatar til prisen Årets nynorskkommune 2020, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes i ei pressemelding frå Språkrådet. Ho leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.     

Har omsett koronainformasjon til nynorsk

Juryen noterer seg at alle dei nominerte kandidatane har jobba godt med å tilby innbyggjarane klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. Fleire kommunar har vore kreative i val av informasjonskanalar. Nokre kommunar har lagt ned eit særleg stort arbeid i å omsetja informasjon frå nasjonalt hald frå bokmål til nynorsk.

– Dei nominerte nynorskkommunane imponerer med god koronainformasjon i eigne kanalar, seier Kvarenes. Diverre er nesten all koronainformasjon frå nasjonalt hald på bokmål. Det er ikkje god samfunnsøkonomi at mange kommunar må omsetja informasjon frå sentrale styresmakter til nynorsk. Dei færraste har ressursar til det, og til sjuande og sist er det innbyggjarane som tek rekninga i form av brot på rettane deira.

God praksis på fleire frontar

Hareid kommune og Kvinnherad kommune utmerkjer seg særleg i arbeidet med integrering og opplæring. Kvinnherad kommune er ein føregangskommune i arbeidet med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. I Hareid kommune får arbeidsinnvandrarar no tilbod om gratis nynorskopplæring.

Sunnfjord kommune har vore særs aktiv med nynorsk klarspråksarbeid. Voss herad har sett den digitale røynda på dagsordenen og har arbeidd aktivt for at digitale plattformer og læremiddel i kommunen skal vere på nynorsk. I Sunnfjord og Voss gjer dei også mykje godt nynorskarbeid som når langt utover kommunegrensene.

Kulturministeren deler ut prisen Prisutdelinga vil finne stad i Målstova på Nasjonalbiblioteket i Oslo 30. oktober. Prisen, som er på 100.000 kroner, blir delt ut av Kulturdepartementet. Påmelding skjer via nettsida språkrådet.no

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...