Heim Nyhende Verdas største nynorske barnebokfestival går nesten som normalt

Verdas største nynorske barnebokfestival går nesten som normalt

Falturiltu 2020 har kring 80 arrangement spreidd over sju kommunar i Sunnhordland, og for første gong har festivalen også samarbeid med Haugesund bibliotek og Skeisvang vidaregåande skule.

Falturiltu er den største nynorske festivalen i Noreg, og startar i år 31. oktober og varer til 6. november.

Atle Hansen er årets festivalforfattar, og årets motto, MAGI OG MYSTIKK, er inspirert av bøkene hans for barn og unge.

Sidan debuten i 1997 med Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill har det kome ein jamn straum av oppslukande barne- og ungdomsbøker frå Hansen si hand, med høgdepunkt som Heksa, Ulvestova, Den svarte oksen, Svartedalen og den rykande ferske, Eg har venta på deg.

Grøssande Halloween

Sistnemnde kan ein oppleva allereie første festivaldag, 31. oktober, då Hansen og Selma Lønning Aarø les skumle forteljingar under tittelen Halloween-grøss.

Ulvestova er ein faktisk stad på Stord, og i samarbeid med kulturskulen sine teater- og danseelevar tek me publikum med på ei spanande vandring inn i haustskogen.

I fjor var det nær hundre arrangement på Falturiltu. På grunn av koronapandemien er det i år litt færre arrangement, avgrensa publikumstal og berre førehandskjøp av billettar.

Odd Nordstoga og Tore Renberg kjem til Falturiltu på Stord. Foto: Bamble kommune og Tommy Ellingsen, Oktober

Mykje for dei vaksne

Odd Nordstoga og Tore Renberg er blant dei mest celebre gjestene under årets festival. Renberg er utseld, men det er nokre billettar igjen til ekstrakonserten til Nordstoga.

Svein Tindberg vitjar Stord kyrkje, og her vil Hansen framføra utvalde nynorske salmar. Klassikartimen har blitt ein tradisjon under Falturiltu, og i år er det festivalforfattaren som samtalar med Einar Økland om tilrettelagde bøker, med utgangspunkt i Sikk-sakk, frå 1978.

Det blir òg fagleg seminar i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, og her vil blant anna Hansen snakka om forfattarskapen sin.

Stord kulturskule heidrar festivalforfattaren med fATLEriltu, ei elektronisk og symfonisk litteraturframsyning, før heile festivalen vert avslutta med forestillinga HO TOK MED SEG BILEN og satte sykkelen igjen til meg, på Arena, fredag 6. november. Her får Hansen seg bandet Bømlablues, doo-wopdamene MaMa K og litterær supergjest Ragnar Hovland.

Bokbad

Atle Hansen blir også bokbada av elevar ved alle dei tre ungdomsskulane på øya, i programmet 2 Hansen og 1 band. Her får han følge av debutant Sigrid Agnethe Hansen.

Dei unge får ellers forfattarmøte med Ane Barmen og Magnhild Bruheim, og Anders Totland stiller i musikalsk bokbad med Stord vidaregåande skule.

Forfattar og journalist Randi Fuglehaug vert også å treffe fleire stader, blant anna med sin krimdebut, Fallesjuke, på Stord folkebibliotek. Den anerkjente omsetjaren og gjendiktaren Tove Bakke besøker dei vidaregåande skulane, Stord og Skeisvang, og stiller også på Språkkafe i Stord folkebibliotek i samarbeid med Internasjonal kulturklubb.

Det vert festivalutstilling med elevar ved designlinja på Fitjar vidaregåande skulen, i foajeen i Kulturhuset.

Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven er aktuell med spenningsserien Klodeklubben. Foto: Agnete Brun, Samlaget

Kjekt for dei minste

For dei minste blir det Bok og bolle med førpremiere på Anna Rommetveit Folkestad si bok Fiskebolleboksraketten, som kjem ut i 2021 og møte med Marianne Gretteberg Engedal si bildebok Pølsetjuven, i dramatisering ved Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk.

Årets Stallturiltu blir med NRK-favoritten Malin Hellebø og Ruth Lillegraven presenterer sin nye miljø- og spenningserie, Klodeklubben.

Marianne Gretteberg Engedal og Hans Sande vil turnere i stordskulane med Arkimedes og vindmølla og Tor Arve Røssland vil fortelje om jubilanten Pode.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...