Heim Nyhende – Det krevst berre små grep

– Det krevst berre små grep

– Det skal ikkje så mykje til for å få born i barnehagen og småskulen til å bli tryggare på det nynorske skriftspråket, seier Elisabeth Djuvik Hanstvedt.

Ho jobbar som skulebibliotekar ved Søfteland skule i Os kommune og er samstundes ansvarleg for gjennomføringa av eit nynorsk språkprosjekt på Os. Prosjektet kom nå i år inn under Nynorsksenteret sitt barnehageprosjekt, Nynorsk i barnehagen / Nynorsk frå skulestart.

– Prosjektet vårt, som starta i år, er eit samarbeid mellom barnehagen og skulen, fortel Hanstvedt. Tanken er å førebu femåringane på språkopplæringa i skulen, held ho fram.

Skattekister

Samarbeidsprosjektet på Os munna nyleg ut i tre skattekister som dei tre barnehagane får. Innhaldet er 35 bøker på nynorsk innan ulike sjangrar, som høgtlesingsbøker, rim og regler og faktabøker.

– Born bryr seg ikkje om dei les om dinosaurar på nynorsk eller bokmål, understrekar Hanstvedt. Men ved å få høyra nynorsktekstar vil dei òg opparbeida seg eit nynorsk ordforråd.

I tillegg til bøker får personalet i barnehagen eit ressurshefte som inneheld tips til nyttige nettstader som har fokus på nynorsk språkopplæring, og arbeidsoppgåver knytte til bøkene i skattekista.

– Målet er at borna ikkje skal bli presenterte barnelitteratur heilt ukritisk, seier Hanstvedt. Borna må bli presenterte tekstar på det språket dei skal læra i skulen, allereie i barnehagen. Den manglande tilgangen på nynorsk barnelitteratur i barnehagane heng saman med økonomi, trur Hanstvedt.

– Dei store forlaga har større høve til å senda ut rimelege bokpakkar enn dei nynorske forlaga, og for barnehagar med dårleg økonomi blir det lett å prioritera desse. Men på Os har det lokale mållaget vore ute tidlegare med nynorskbøker til barnehagane, fortel ho.

Godt samarbeid

Det ligg til rette for at prosjektet skal gje gode resultat, då både barnehagar og skulen er involverte. Hanstvedt fortel at ho i dag samarbeidar tett både med pedagogisk leiar i barnehagen Nøtteliten, Gro Øvredal, som jobbar med femårsgruppa i barnehagane, og Grethe Thomassen, som skal ha fyrsteklassingane komande haust. Hanstvedt si rolle frametter blir å vera eit bindeledd mellom barnehagen og skulen.

Styrka identitet

For Nynorsksenteret var samarbeidsprosjektet på Os så spennande at dei let dei ta del i det allereie oppstarta barnehageprosjektet, som har vara i snart tre år. Eigentleg skulle prosjektet ha vore runda av til jul i år, men er nå utvida til sommaren 2013.

Høgskulelærar Liv Kristin Bjørlykke Øvereng er prosjektleiar for det treårige språkprosjektet Nynorsk i barnehagen / Nynorsk frå skulestart. Prosjektet har hatt i alt 31 deltakarar frå fire ulike fylke.

Tilbakemeldingane ho har fått frå barnehagane undervegs, har vore utelukkande positive.

Barnehagar i nynorskkommunar har opplevd at dei har fått hjelp til å styrka identiteten og det nynorske språket tidleg.

– Medan nokre barnehagar i oppstarten hadde vanskar med å få med alle i personalet i nynorskprosjektet, er det nå etter to og eit halvt år ikkje eit tema lenger, fortel Øvereng. Det har blitt naturleg å lesa nynorsk.

– Ein les nynorsk litteratur på nynorsk, bokmålslitteratur på bokmål og snakkar dialekt, seier Øvereng.

Byggjer opp boksamling

Via prosjektet har barnehagane fått tildelt medlemsskap i Blåmann bokklubb, og barnehagane fekk òg betalt eit års tinging av kulturavisa Pirion. Det andre året medverka Nynorsksenteret til frikjøp av tid, slik at ein skulle kunna leia prosjektet i barnehagen og få jobba med korleis ein skulle nytta nynorsk barnelitteratur i barnehagane.

– Mange barnehagar hadde i starten meir enn nok med å byggja opp boksamlinga si, fortel Øvereng.

Skilje mellom dialekt og nynorsk

Prosjektdeltakarane har i tillegg delteke årleg på seminar for å få hjelp til oppstart og oppfølging.

– Her har dei blitt inspirerte og fått kunne om korleis ein kan jobba med nynorsk i barnehagen.

På det fyrste seminaret vart skiljet mellom dialekt og nynorsk skrift lyft fram av føredragshaldar Ingeborg Mjør, fortel Øvereng. Det var tydeleg at mange av deltakarane sette pris på denne grenseoppgangen mellom skriftspråket og dialektbruk i formidling av tekst. Mjør understreka at born må få høyra skriftspråket munnleg dersom dei skal læra skriftspråket. Dette gjeld så vel for dei som skal læra nynorsk som hovudmål, som for dei som skal læra bokmål som hovudmål.

Målsettinga med prosjektet var formidling av nynorsk tekst til born i barnehagar og utvikling av digitale ressursar, noko som er skissert i tiltaksplanen til Nynorsksenteret, fortel Øvereng.

– Oppdraget vårt har heile tida vore å påverka oppfatningane av kva som trengst av læremateriell. Målet for tiltaksplanen er at nynorske tekstar skulle formidlast til alle born i barnehagen.

For Aukra barnehage i Aukra kommune har prosjektet vore ein suksess.

– Me ser synlege resultat, fortel avdelingsleiar ved Nisseberget, Solfrid Berild. Me les meir nynorske bøker på nynorsk og ikkje på dialekt. Før prosjektet hadde me mange bøker, men mest på bokmål, seier ho og legg til at ho meiner det for lite medvit om kva som finst. – Når ein jobbar med den nynorske litteraturen, ser ein at det er så mykje spennande og bra.

Førre artikkelPersonlege problem
Neste artikkelDrøymer på nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...