Heim Nyhende Di sak kan bli kommunen si sak

Di sak kan bli kommunen si sak

På nettportalen Mi sak kan du ta opp saker du meiner kommunen eller fylkeskommunen bør vere opptatt av. Får du samla nok underskrifter til di sak, må kommunen behandle ho.

Denne retten til å få saker på det politiske bordet viss mange nok vil det har eksistert lenge, men er lite nytta. Med portalen Misak.no håpar no kommunalminister Liv Signe Navarsete at fleire innbyggjarinitiativ vil bli høyrde.

– Eg vonar og trur misak.no kan få fram gode saker som fortener å bli tatt opp og diskutert i kommunestyret. Eg har tidlegare oppmoda rådmenn og kommunepolitikarar til å handsame initiativ frå innbyggjarane godt og grundig, seier Navarsete.

Alle kan reise kva saker som helst på nettportalen, men skal du ha nokon sjans å nå gjennom må du skrive om saker frå den kommunen du bur i, det same gjeld for å få skrive under. Det du bed om må vere ein del av oppgåvene kommunen og fylkeskommunen jobbar med. For at saka di skal bli tatt vidare må du få underskrifter som tilsvarar 2 prosent av innbyggjartalet i kommunen din eller minst 300 for saker på kommunenivå og 500 for fylkeskommunen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...