Heim Nyhende Difor byter nynorskelevar i Valdres til bokmål

Difor byter nynorskelevar i Valdres til bokmål

 

 –  Det er ikkje nok å ha nynorsk på skulen for at ungdom skal halda på nynorsken, meiner prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus. 

 
Ho er leiar for prosjektet Målstreken og har undersøkt kor mange nynorskbrukande elevar i Valdres som går over til bokmål, og kvifor dei gjer det.
 
I eitt av dei gamle kjerneområda til nynorsken byter i dag 75 prosent av nynorskelevane til bokmål før dei er ferdige med vidaregåande skule, kjem det fram i rapporten. 
 
Når elevane blir spurde om kvifor dei går over til bokmål, er det viktigaste argumentet at det er lettare. Andre meiner dei får bruk for bokmål i arbeidslivet. 
 
–  I tillegg spelar det inn at bokmål er det dominerande språket og at dei meiner dei får betre karakter i hovudmål om dei byter til bokmål. Negative haldningar er også tydelege i materialet, heiter det i pressemeldinga om den ferske rapporten. 
 
–  Sårbare for press
Kvåle Garthus meiner dette viser kor sårbare elevar med nynorsk som hovudmål er for press og påverknad frå storsamfunnet. Ein av konklusjonane hennar er at det ikkje er opp til skulen åleine å halda liv i nynorsken. 
 
–  Den vitale nynorske skriftkulturen lever i lærebøkene, men er nærmast usynleg på alle andre arenaer der 13– 19-åringar møter språket, heiter det i pressemeldinga.
 
–  Treng språkleg likestilling
Prosjektleiaren peikar på at eitt av hovudmåla i norsk språkpolitikk er å skapa meir reell likestilling mellom bokmål og nynorsk. Ho viser òg til at innleiinga til læreplanen i norsk legg vekt på at skulen skal arbeida for å gje elevane «språkleg sjølvtillit». 
 
Men det er langt mellom liv og lære, meiner Kvale Garthus.
 
–  Granskinga i Valdres viser at vilkåra for ein slik sjølvtillit er svært dårleg når bokmålet dominerer på dei fleste samfunnsområde, slår ho fast.
 
Etterlyser tiltak
Garthus meiner difor styresmaktene må sjå på både kva samfunnsstrukturar som må endrast,og kva skulen kan gjera for å at det skal bli enklare for elevane å halda på nynorsk som hovudmål. 
 
Prosjektet peikar på fleire tiltak. Betre nynorsk undervisning og større vekt på å gje elevane språkleg sjølvtillit er to av tiltaka. 
 
Prosjektet meiner også at nynorskelevar i større grad må få undervisning i nynorskklassar, slik at elevane opplever eit meir stabilt språkleg miljø.  
 
Skulen må også motarbeida at elevane skiftar frå nynorsk til bokmål av taktiske grunnar, meiner prosjektet. I tillegg må nynorsk bli meir synleg i samfunnet, til dømes i riksdekkjande aviser, heiter det. (NPK) 
 
 
 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...