Heim Nyhende Prøver noko nytt

Prøver noko nytt

Brusegjengen bloggar på nynorsk, ei målform dei nesten aldri har brukt før. 

Brusegjengen er altså 13 ungdommar som kjem saman og bloggar om smått og stort, musikk dei likar, folk dei møter, slike ting.

– Det skal vere gøy å skrive på denne bloggen, slår initiativtakaren norsklærar Merete Bratsberg Aae fast. Målet med skrivinga på denne bloggen er ikkje først og fremst å skrive korrekt grammatikk, men å få ungdommane til å skrive nynorsk.

Og det er ikkje så reint lite, for fleire av desse har aldri skrive nynorsk før. I bokmålskommunen Averøy byrjar dei med nynorsk i 9. klasse, og det vil seie at om lag halvparten av dei 13 bloggarane ikkje har hatt nynorsk på skulen før dei får det no i haust.

Rettar ikkje

– Eg har bede dei om å skrive om kva som helst av hjartans lyst, seier Bratsberg Aae, som registrere at aktiviteten på bloggen har tatt seg opp no dei siste dagane. Å starte ein blogg i mai, midt i konfirmasjonstida, var ikkje noka sjakktrekk medgjev ho.

Men no strøymer blogginnlegga på, og Bratsberg Aae håper det ho litt smilande kallar nynorskpolitiet held seg rolege i bakgrunnen og let dei unge prøve seg fram utan at raudpennen skal henge over dei. Sjølv går ho einkvan gongen inn og rettar litt, viss dei til dømes bruker ord som ”jeg” og ”ikke”, men aller helst skal dei få bevege seg fritt i landskapet.

Les bloggen til Brusegjengen her.

Ungdommane som er med på prosjektet har ho først og fremst rekruttert frå kreative skrivekurs ho held sjølv, i sitt eige firma. Og så har venner og venners venner kome til.

Fekk stipend

Opphavet til bloggen er eit ønske frå hennar side om å prøve ut arbeidsmetodar ho tidlegare har prøvd ut i skulen. Kopla saman med ei interesse for nynorsk som ho fekk då ho studerte norsk på Høgskulen i Telemark har det blitt til eit prosjekt som ho i vår fekk 50 000 i stipend frå Noregs Mållag for å utvikle.

No når prosjektet er godt over halvvegs er spørsmålet kva prosjektet skal munne ut i. Merete Bratsberg Aae har ein plan for det, basert på har ein ide ho har sett i bruk hjå andre. Ho vil få laga ei fin notisblokk ho kan gje til ungdomsskulelevane på Averøy. Ei blokk med sider i ulike papirtypar, med mest blanke ark, men med ei og anna side med eit fint sitat, eller nokre av Averøyas artigaste ord. Slik kan prosjektet få setje spor etter seg.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...