Heim Nyhende Ordboka er oppdatert

Ordboka er oppdatert

 

Bruker du nettutgåva av Nynorskordboka, kan du glede deg over at ordboka no er oppdatert i tråd med den nye rettskrivingsnorma.

Oppslagsord og bøyingar er oppdaterte i samsvar med ny rettskriving. Det er ingen sideformer (klammeformer) lenger verken i oppslagsord eller bøyingsformer.

– Nynorskordboka er open for alle og viser kva som er rett nynorsk frå no av, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet i ei pressemelding.

Ordboka er oppdatert av Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.

Den nye utgåva har ikkje berre ny rettskriving, innhaldet er òg presentert betre enn før. No har ordboka:

  • bøying for alle ord, også samansetningar
  • mindre bruk av forkortingar enn før, alle oppslagsorda er skrivne fullt ut, også i døma
  • mange klikkbare ord i definisjonane

Her finn du den oppdaterte versjonen av ordboka. 

Bokmålsordboka skal fornyast på liknande vis som Nynorskordboka.

Les også: Dei nye reglane

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....