Heim Nyhende No kjem Wordfeud på nynorsk

No kjem Wordfeud på nynorsk

– Dette er jo kjempenyhende. Det er strålande. Det kjem seint, men godt, seier leiar i NMU, Vebjørn Sture til Framtida om at Wordfeud no kjem på nynorsk.

– Me har fått mange spørsmål om Wordfeud på nynorsk. Me ser på dette akkurat no, og håpar å få det klart i haust, seier Håkon Bertheussen til Framtida.no.

Han er mannen bak verdas mest populære ordleik-spel. Han er usikker på når på hausten spelet vil kome med nynorsk ordliste. 

I mars sendte ordføraren i Eid kommune og leiaren av Eid Målungdom brev til Landssamanslutninga av nynorskkommunar med oppmoding om at ein jobba for dette, også målungdommen har engasjert seg. 

Kommunestyret i Luster vedtok denne uttalen om Wordfeud ”Kommunestyret meiner dette vil vera eit synleg, konkret og effektiv tiltak for å gjera nynorsk til eit meir tilgjengeleg bruksspråk for ungdom over heile landet”. 

– Eg har registrert at det har vore mange som har etterlyst Wordfeud, og me har hatt det på lista vår over ting å gjera i lang tid, seier Håkon Bertheussen til Framtida.no. 

Wordfeud har no snart 18 millionar nedlastingar. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...