Heim Nyhende Diskuterer nynorsknormen

Diskuterer nynorsknormen

– Eg er så glad for at det skal kome ei enklare norm, seier ein av dei som er med og diskuterer rettskrivingsnormen på forumet Nynorsk2011.

Kvinna som gler seg over at det kjem ein ny norm er norsklærar på Austlandet. Ho etterlyser tydlegare skilje mellom nynorskord og bokmålsord. Det må heller ikkje vere så mange alternative skrivemåtar, meiner ho.

Språkrådet har sett ned ei gruppe som skal utarbeide ein ny rettskrivingsnorm for nynorsken, og denne gruppa har oppretta diskusjonsforumet på www.nynorsk2011.org. Her kan alle som vil registrere seg og kome med sine meiningar om korleis den nye normen bør vere. Ein av dei meir ordrike diskusjonane i forumet går mellom anna på om fjerning av dialektord vil gange eller såre nynorsken.

Ikkje alle er opptekne av berre å debattere, somme kjem med nokre hjartesukk:

– “Oske stoppa dronninga” las eg nyleg i avisa. Det fekk meg til å tenkje på Oskeladden og Askepott. Ville han ha tjangs på henne om han skifta namn, tru?.

Forumet Nynorsk2011 vart oppretta i april, og føremålet er å gjere det muleg for folk å kome i kontakt med rettskrivingsnemda. Seniorrådgjevar Marit Hovdenakk hjå Språkrådet er fornøgd med aktiviteten så langt.

– Det er nok ikkje dei som er mest enige med oss i utgangspunktet som er inne og kommenterer, og det er for så vidt bra, seier ho til LNK.no. – Så langt har det berre vore saklege innlegg.

Ho reknar med at det først og fremst er folk som er vane med denne type medium som finn vegen til nettforumet. Kor lenge forumet skal vere ope er ikkje bestemt enno, men instillinga frå rettskrivingsgruppa skal i alle høve overleverast 1. april i 2011.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...