Heim Nyhende – Eg brenn for fylket mitt

– Eg brenn for fylket mitt

Sogn og Fjordane er eit flott fylke, med mange ressursar og ei stor spennvidde. Slik karakteriserer Anne Karin Hamre (46), nytilsett fylkesmann i Sogn og Fjordane, fylket der ho no skal vere statens forlengde arm.

Det er så fint å bu i Sogn og Fjordane at ein berre må få fleire til å bu her, skal ein tru Hamre. Men er det berre noko ho seier? Er det ikkje slike ting ein fylkesmann nesten må seie?

Anne Karin Hamre er ikkje ukjend med kva rolla som fylkesmann inneber. Hamre har vore tilsett hjå Fylkesmannen sidan 1998, som rådgjevar, administrasjonssjef og sidan assisterande fylkesmann. Før det har ho jobba som journalist i avisa Sogn og Fjordane, i Bergens Tidende og i NRK Sogn og Fjordane, ho har jobba med forskingsformidling for Vestlandsforsking og undervist ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho er dessutan meir enn gjennomsnittleg oppteken av språk, seier ho. Ho kjenner truleg flokselen på gangen.

Ho snakkar altså med stort truverde og entusiasme når ho legg ut om besøket ho nettopp hadde på Hydro sitt teknologisenter i Årdal. Der har folk med mange ulike nasjonalitetar kome til med kompetansen sin og sett fart i den teknologiske utviklinga. Om neste besøk til Måløy, der ein no skal erstatte gruvedrift med datalagring i den nedlagde Lefdal gruve i nabokommunen Eid. Og om fiskerinæringa, som har god utvikling, men også utfordringar. Slik som fylket hennar også har: potensial, høve, men også utfordringar.

– Vi strevar med det same som mange andre; sentralisering og ei negativ folketalsutvikling. Vi må jobbe hardt for å behalde dei vi har, og aller helst vil vi ha ein auke i folketalet.

Anne Karin Hamre kjenner organisasjonen ho no skal leie, svært godt etter 13 år hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Når vi spør kva jobben til ein fylkesmann eigentleg inneheld, må ho le litt. Det er så mykje, seier ho og passar på å nemne at ho har svært lojale medarbeidarar med seg på jobben.

­– Eg skal leie ein organisasjon som har ansvaret for fleire viktige område: landbruk, helse og sosial, barnevern, skule, barnehage og miljø. I tillegg er vi ein rettstryggleiksinstans, og mykje av jobben vår er å drive klagesakshandsaming, det vil seie klagar på kommunale vedtak.

Fylkesmannen si oppgåve er ikkje berre å sjå til at statlege pålegg blir følgde, men også å samordne oppgåver, slik at ikkje staten blir oppfatta som eit mangehoda troll. Det handlar dessutan om at informasjonsflyten skal gå begge vegar, seier ho.

– Vi må også vere ein lyttepost på vegner av folket og formidle det vi høyrer, inn til sentrale organ.

Det er avgjerande for Fylkesmannen å ha eit godt forhold til kommunane, og Hamre kjenner seg ikkje heilt igjen i skildringa vår av eit tilhøve mellom kommunane og Fylkesmannen som til tider kan vere konfliktfylt. Ho peiker på brukarundersøkingar som syner at kommunane oppfattar Fylkesmannen som tilgjengeleg, ein plass å søkje råd, sørvisinnstilt og som ein instans som har forståing for kommunane sin situasjon. Men sjølvsagt kan det vere utfordringar i skjeringspunktet mellom Fylkesmannen sitt ansvar for å få gjennomført statleg politikk og kommunen sitt ønskje om sjølvråderett. Igjen, det handlar om å vere lydhør, seier Hamre. Og det er ikkje alltid tilsyn er det rette svaret på utfordringane, meiner ho.

Nettopp derfor er det viktig å syte for tilstrekkeleg med møtepunkt kor dei ulike organisasjonane kan treffast, diskutere og få forståing for og innsyn i utfordringane den einskilde har. Det gjeld så vel folkevalde og administrasjonen i kommunane som KS og andre organisasjonar som har påverkingskraft.

Og så bloggar ho. Fylkesmannsbloggen har eksistert i to år, og blir oppdatert – om ikkje kvar veke – så i alle fall så ofte det er tid og noko relevant å snakke om.

– Vi prøver å skrive om dagsaktuelle tema, og ønsket vårt er å gjere stoffet meir tilgjengeleg og kortfatta enn til dømes brev og artiklar kan vere.

Informasjon ut til brukarane, innbyggjarane, er viktig. Ikkje berre at det kjem ut, men kanskje vel så viktig kva form det kjem i, insisterer Anne Karin Hamre.

– Folk må forstå det vi skriv.

Enkelt og greitt. Folk må forstå om dei har fått medhald eller avslag i ei sak – og det med éin gong, seier ho og utdjupar: – Vi har bestemt at brev skal utformast slik at konklusjon og oppsummering kjem innleiingsvis. Ein skal ikkje måtte lese seg gjennom fleire sider før ein skjønar kva resultat vi har kome fram til.

Målbruksplan har dei også innført. Eller Rettleiar i godt språk, som han heiter. Han tek for seg generelle retningslinjer, grammatikk og regelverk. Språk er dessutan trekt fram som eit viktig område i strategiplanen deira og skal vere tema på møte minst éin gong i halvåret. Tilhøvet til nynorsk oppsummerer ho slik:

– Vi er eit nynorskfylke, vi følgjer mållova, og nynorsk har alltid vore språket mitt.

Anne Karin Hamre er den første kvinnelege fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vi ber ho reflektere litt over det.

– Det er framleis ei stor overvekt av menn i leiande stillingar i Sogn og Fjordane. Eg meiner det er sunt med ein betre balanse mellom kjønna i desse stillingane. Eg håpar òg at eg kan inspirere fleire kvinner til å søkje leiarstillingar. Å vere leiar er både morosamt og spennande!

– Burde tittelen du har, vore meir kjønnsnøytral?

– Ideelt sett, ja. Men det er vanskeleg å kome opp med noko godt alternativ. Det ser ikkje ut til at tittelen hindrar kvinner i å søkje embetet. Med dei siste utnemningane i juni er det like mange kvinnelege som mannlege fylkesmenn.

– Kva gjer du på fritida?

Låtten er der igjen.

– Å vere fylkesmann er ein relativt krevjande jobb. Men når eg har fri, likar eg å gå til fjells, sommar som vinter. Vi er ein gjeng som går tur kvar tysdag i sommarhalvåret, det prøver eg å få med meg. Om vinteren går eg på ski.

– Bortoverski eller nedoverski?

– Haha. I Sogn og Fjordane er det nesten berre mogeleg å gå rett opp og renne rett ned.

 


Sjølvmelding

Alder: 46

Bur: i Sogndal

Sivil status: gift, tre born

Aktuell: ny fylkesmann i Sogn og Fjordane

Les: lokalaviser, BT og Aftenposten, og ei bok i ny og ne

Høyrer på: rock og opera, nyhende på radio

Førebilete: ingen spesiell – alle som gjer ein stor innsats for fellesskapen

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...