Heim Nyhende Ekspertar føreslår kraftig kommunekutt

Ekspertar føreslår kraftig kommunekutt

Regjeringa vil ikkje sette ei minstegrense for kor mange innbyggjarar det må vere i kommunane i framtida. Opposisjonen er kritisk til «leik med tal».

Det må vere minst 15.000-20.000 innbyggjarar i kvar kommune for at dei skal kunne yte kvalitetsmessig gode tenester, fastslår utvalsleiar og professor Signy Irene Vabo. Ho overleverte den første rapporten frå ekspertane om kommunereform til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) måndag. Den føreslår kriterium for «robuste kommunar» i framtida.

Forslaget frå ekspertane inneber eit kraftig kutt i talet på kommunar, frå 428 i dag og ned mot 100.

Men slike tal vil Sanner verken kalle gjennomsnittlege eller rettleiande.

– Det er den faglege vurderinga til ekspertutvalet, og så må vi gjere ei politisk vurdering av korleis vi skal få til ein god kommunereform som tek omsyn til den mangfaldige geografien i Noreg, seier Sanner til NTB.

– Mange kjensler
Gevinstane ein får, at større kommunar kan gi betre tenester, må vegast opp mot ulempene ved store avstandar, meiner han.

Han held fast ved at kommunekartet skal teiknast lokalt, sjølv om han også vedgår at prosessen kan bli kjensleladd.

– Eg har stor respekt for dei mange kjenslene vi alle har knytt til dei kommunane og lokalsamfunna vi bur i. Samtidig opplever eg at dei fleste kommunar ser at dei står overfor ein del utfordringar som ikkje går over, seier han.

Han vil førebels ikkje seie noko om kva slags gulrøter eller pisk han vil bruke for å få kommunane med på reforma.

– Det vil vi leggje fram i kommuneproposisjonen i mai, seier han.

Frivillig
Arbeiderpartiets nestleiar Helga Pedersen seier at Ap ønskjer endringar i kommunestrukturen, men at endringane bør baserast på fri vilje.

– No forventar eg at regjeringa legg korta på bordet og seier kva dei eigentleg meiner. Dette har vore løfta fram som det store prosjektet til regjeringa, så no forventar eg at dei snart konkretiserer kva dei eigentleg ser føre seg, særleg av omsyn til kommunane som er usikre på kva som ventar dei, seier Pedersen.

Både ho og nestleiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum er kritiske til forslaget om eit minimumstalet på innbyggjarar. Vedum kallar det «ein leik med tal».

– Forslaget frå ekspertutvalet blir ei reform for å flytte folk og ikkje ei demokratireform. Ekspertutvalet vil sanere lokalpolitikarar, men snakkar likevel om å styrke lokaldemokratiet, seier Vedum, som åtvarar mot bruk av tvang når reforma skal gjennomførast.

Lokaldemokrati
Støttepartia til regjeringa, Kristeleg Folkeparti og Venstre, er einige i at det er behov for større kommunar. Men KrFs Geir Toskedal meiner konklusjonane til ekspertane er dramatisk, og understrekar at det må leggjast vekt på geografi og nærleik til tenestene.

Venstre ønskjer seg meir makt til lokaldemokratiet, samtidig som partiet vil erstatte fylkeskommunen med større regionar og meiner dette må bli sett i samanheng.

Kommunenes organisasjon KS vil at kommunane sjølve skal leie prosessen, etter føringar frå Stortinget. Leiar Gunn Marit Helgesen understrekar også at reforma må føre til mindre statleg tilsyn og kontroll og meir ressursar til kommunane.

Allereie til hausten vil fylkesmennene og KS bli bedne om å leggje til rette for lokale prosessar. Sanner understrekar at det er viktig å ha eit visst tempo, men vil ikkje sette ei tidsramme for reforma.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...