Heim Nyhende Suldalsposten er årets lokalavis

Suldalsposten er årets lokalavis

Suldalsposten er kåra til årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser (LLA).


Størsteparten av lokalavisene i Noreg var i helga samla i Bergen til landsmøte i Landslaget for lokalaviser. Tradisjonen tru delte LLA også i år ut fleire prisar til sine eigne.

Den gjævaste prisen av alle er prisen for årets lokalavis, og i år gjekk han til lokalavisa Suldalsposten. Suldalsposten kjem ut to gonger i veka og dekkjer primært Suldal kommune i Rogaland. Juryen grunngir førsteplassen med at avisa tek vare på historie, identitet og tradisjon, på same tid som ho peikar framover og plasserer seg godt i det nye mediebiletet.

– Gjennom gode retoriske grep, glitrande skribentar og vakkert språk skil ho seg ut som ei avis som på mønsterverdig vis ikkje berre er ein berar av det journalistiske handverket, men også den skriftlege kulturarven, heiter det frå juryen.

Redaktør og dagleg leiar i Suldalsposten Astrid Espeland leier ein redaksjon utan ein einaste mann. Ho gler seg over prisen.

– Dette er eit resultat av lagarbeid over tid. Vi er på mange måtar litt av alt det LLA står for: Samhald, fellesskap, entusiasme og ein stor porsjon vilje til stadig å ta nye steg. Og så er det jo litt moro at alle sju i avisa er kvinner, seier Espeland.

LLAs jury delte også ut heiderleg omtale til Askøyværingen og Våganavisa.

Prisdryss
Andre avisprisar som blei delt ut på landsmøtet i Bergen, var årets lokalavisfoto, som i år gjekk til Anne Jo Lexander i Askøyværingen. Kvinnheringen fekk prisen for årets lokalavisside, marknadsprisen gjekk til Gjesdalsbuen, og LLAs journalistpris til Bernt Ivar Bergum i Hallingdølen.

I tillegg vart Asgeir Olden, tidlegare redaktør i Nynorsk pressekontor og no fagmedarbeidar ved Instituttet for Journalistikk, tildelt LLAs heiderspris. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...