Heim Nyhende Ekspertar vil ha nettbrett i barnehagane

Ekspertar vil ha nettbrett i barnehagane

Kvar tredje barnehage har tilgang til nettbrett. No meiner ekspertar at alle barn må få tilgang til nettbrett i barnehagen for å jamne ut forskjellane.

 

Det er undersøkinga Barnehagemonitor frå Senter for IKT i utdanninga som viser at 29 prosent av barnehagane har tilgang til nettbrett. Senteret har no stor pågang frå barnehagetilsette som ønskjer opplæring i bruk av nettbrett og anna pedagogisk teknologi , skriv Aftenposten.

Medietilsynets Småbarn og medium-undersøking for 2014 viser at åtte av ti barn har tilgang til nettbrett heime. Delen barn som har eigne nettbrett aukar dessutan raskt, viser TNS Gallups undersøking Mediebarn 2014.

– Bruk av nettbrett i barnehagane kan vere med på å redusere skillet mellom dei som har og dei som ikkje har tilgang til nettbrett heime. Når ein kjem på skulen, kan det eigentleg vere for seint, seier Pia Lang-Holmen, som leier «Trygg Bruk» hos Medietilsynet.

Cathrine Fragell Darre, som er prosjektleiar i «Digital praksis i barnehagen» i Norlandia-barnehagane, peiker også på at den utjamnande funksjonen til barnehagane også kan gjelde for barna som har tilgang, men som primært spelar åleine heime.

– Det er noko ganske anna å erfare sosiale prosessar rundt spel og skapande verksemd i barnehagen, seier Darre. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...