Heim Nyhende - Elevar i ungdomsskulen må prøvast i sidemål

– Elevar i ungdomsskulen må prøvast i sidemål

 

Noregs Mållag sitt landsmøte finn stad i helga, og det er venta at framlegget til ny læreplan blir ei hovudsak. Avtroppande leiar, Håvard B. Øvregård, er både overraska og uroa over framlegget frå Utdanningsdirektoratet.

 

– Det er avgjerande med ein eigen karakter i skriftleg sidemål, både i ungdomsskulen og i vidaregåande studieførebuande utdanning, seier Håvard B. Øvregård i ei pressemelding.

– Vi er også uroa for konsekvensane ved avsluttande sidemålsopplæring i Vg2. I fleire delar av landet går nynorsk- og bokmålselevar i same klasse. Då vert det vanskeleg å drive intensiv sidemålsopplæring i berre eitt sidemål, slik Utdanningsdirektoratet vil. Vi er redd sidemålseksamen i vg2 (2. klasse) vil føre til auka språkskifte frå nynorsk til bokmål, seier Øvregård. 

Læreplanen i norsk skal reviderast i mai, og Utdanningsdirektoratet har no sendt si endelege tilråding til Kunnskapsdepartementet. Utdanningsdirektoratet har også samanfatta svara frå høyringa som hadde frist 5. mars. Høyringa viser ei brei støtte til både opplæring i og prøving i skriftleg sidemål.

– Tidleg start med skriftleg sidemål er det viktigaste verkemiddelet for å gjere bokmålselevar meir positive til nynorsk. Då bør elevane byrje å eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål alt i 4. klasse, ikkje i 7. klasse slik Utdanningsdirektoratet føreslår, seier Øvregård

– Fleirtalet i norsk skule har nynorsk som sidemål, og ei svekking av sidemålet er i praksis ei svekking av nynorsk. Utan god opplæring i begge språka for alle vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt i arbeids- og samfunnsliv. Vi ventar at kunnskapsminister Kristin Halvorsen og regjeringa sikrar gode vilkår for nynorsk når ho tek stilling til framlegga frå Utdanningsdirektoratet, seier Håvard B. Øvregård.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...