Heim Nyhende Vaage får Nynorsk litteraturpris

Vaage får Nynorsk litteraturpris

Lars Amund Vaage er tildelt Nynorsk litteraturpris 2012 for romanen Syngja.

Juryen legg vekt på at Vaage med denne boka har gjort noko han ikkje har gjort før, nemleg bruke sine eigne personlege erfaringar. I Syngja skildrar han oppveksten til ei autistisk dotter som ikkje evnar å uttrykke seg språkleg, i motsetnad til far sin, diktaren.

– Vaage klarer å skildre det spesielle slik at det verkar allment. Og det nesten umulege: Korleis menneske eit stykke på veg kan forstå kvarandre utan å kunne kommunisere, seier juryen i grunngjevinga.

– Å skrive om ein person som ikkje kan møte det som blir sagt om henne, fordi ho er ordlaus, driv skrivaren til å reflektere over forholdet mellom kunstens oppgåve og dei som blir skildra i kunstens namn. Slik vert dette også ein roman som inviterer til refleksjon over forholdet mellom ordkunst og røyndom, mellom to slags solidaritetar: til menneska eller til kunsten. Eller kanskje til begge. Og sjølv om dette langt på veg er ei autentisk historie, som er forfattarens eiga, så er det først og fremst ein roman, der fiksjonens grenser blir utforska. I romanen, som er eit ønske frå ein far om å skrive seg inn til dottera si, på å verkeleg sjå henne og gå i djupet av kjenslene sine for henne, ligg det òg ei avstandstaking; det er orda som skil dei, og det er gjennom orda han forsøkjer å nå henne.

Juryen peikar også på at Vaage er ein av dei sikraste og finaste stilistane i Norge i dag, han har ein musikalitet i språket som knapt nokon annan kan vise til. Og slik blir tittelen “Syngja” viktig. Det er ikkje minst gjennom songen at far og dotter kan møtast, som i den vakre sluttscenen der dei syng saman: “Min hatt den har tre kanter.”

Prisen er på 30 000 kroner og vart kunngjort ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag.

Det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som deler ut Nynorsk litteraturpris. Han har blitt delt ut sidan 1982. Juryen for Nynorsk litteraturpris har i år vore Ove Lidvar Eide, Mari Moen og Ragnar Hovland.

Her finn du tidlegare prisvinnarar.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...