Heim Nyhende Endeleg! Mobiltastatur på nynorsk

Endeleg! Mobiltastatur på nynorsk

No slepp du at «ikkje» blir til «ikke» –  men berre om du har Android-telefon.

Frå 21. juli kjem Swiftkey offisielt med nynorsk tastatur – men du kan testa betaen allereie no.

– Mange har gitt beskjed om at det er frustrerande å få meldingane retta til bokmål heile tida. Det er veldig irriterande å få «eg» retta til «jeg», seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

– Dette betyr at nynorskbrukarar får eit mobiltastatur som ikkje motarbeider dei når dei skriv, legg han til. Aasbrenn er veldig glad for at selskapet Swiftkey no lanserer eit mobiltastatur med nynorsk stavekontroll.

Swiftkey har lenge vore rekna som eit av dei betre alternativa når det gjeld mobiltastatur, og har hatt eit ekstra fokus på språkleg mangfald. I fjor trakk tech-avisa The Verge fram Swiftkey som eit av dei beste mobiltastatura for Android. I ei oppdatering som blir lansert 21. juli kjem tastaturet med fleire nye språkalternativ – mellom anna luxemburgsk, færøysk, frisisk og ikkje minst nynorsk.

– Swiftkey er eit språkbasert selskap, derfor er me opptekne av å fremja alle språk, inkludert små språk som nynorsk, seier programsjef Olivia Laskey i Microsoft, som kjøpte Swiftkey i fjor.

Berre for Android – uvisst for iPhone
Det er likevel ikkje berre jubel – for oppdateringa som kjem neste torsdag finst berre på Android. Ifølgje Laskey i Swiftkey har ikkje selskapet konkrete planar om å lansera nynorsk på iPhone enno, men at det er mogleg å ønska seg det her.

Magne Aasbrenn håpar å sjå fleire liknande tilbod, men øvst på ønskelista står det same nynorsk-tilbodet for iPhone-brukarar.

– Så langt er dette berre tilgjengeleg for Android-telefonar. Men eg konstaterer at Swiftkey tar omsyn til språkleg mangfald – saman med nynorsk kjem det også tilbod om luxemburgsk og frisisk. Dette synest eg er svært positivt.

Sjølv om han er glad for dette tilbodet, ser han at vegen er lang å gå for å få eit godt tilbod på plass for nynorskbrukarar, også på mobilen.

– Generelt trengst det meir nynorsk i «app-verda». Til dømes kan du få Facebook på nynorsk på PC-en, men mobil-appen finst ikkje på nynorsk, seier Aasbrenn.

Betaversjonen av tastaturet hadde den nynorske oppdateringa med for nokre dagar sidan, og fleire har allereie testa tastaturet:

 

Testa og godkjend av Noregs Mållag – med glans
Swiftkey har hatt eit samarbeid med Noregs Mållag, som testa appen før lanseringa. Blant dei som sto for testinga var Erik Grov, som lenge har ønska seg eit slikt tilbod.

– Eg har brukt Swiftkey lenge sjølv, og sette ei nynorsk ordliste der opp som eit av prosjekta eg hadde lyst til å jobba med om eg fekk tid. Plutseleg fekk me ein e-post frå Swiftkey, som sa at dei jobba med eit tastatur på nynorsk. Dei lurte på om me kunne testa det for dei, for å sjekka kvaliteten. Det tok me oss så klart tid til, sjølv om det var rett før ferien, fortel Grov.

Han og andre frå Mållaget og Målungdommen testa tastaturet i eit par veker – og vart positivt overraska.

– Det var jo heilt fantastisk. Du kan til og med skriva vyrdnad og andre meir konservative nynorskord som eg kom på. Til og med Swipe (at du dreg fingeren over tastaturet i staden for å trykka på kvar bokstav, red.anm) fungerte veldig godt frå første ord. Dessutan lærer appen seg nye ord ganske godt.

Eit av dei store poenga med Swiftkey-tastaturet er at appen lærer seg korleis du skriv over tid, og tilpassar staveforslag til din skrivestil. Det gjeld sjølvsagt også når du skriv på nynorsk.

– Alt kan bli betre, så klart. Ein må jo også læra opp tastaturet i sin eigen personlege stil. Men det er mykje betre enn å læra om ei bokmålsordliste til å skriva nynorsk, seier Grov.

Blant problema han har oppdaga så langt, er eit punkt som får mange språkinteresserte til å riva seg i håret: Orddeling, eller særskriving, om du vil.

– Det har eg tatt opp med dei, og det har dei også jobba med. Men du finna stader der du skriv samansette ord, så deler tastaturet det opp automatisk, seier Grov.

Men, som også Grov påpeiker, appen blir oppdatert heile tida, og tastaturet som er testa til no er trass alt berre ein betaversjon. Den offisielle versjonen kjem altså 21. juli.

Les meir:

Martine Rørstad Sand har lagt ned eit lass av timar for å gi deg Facebook på nynorsk. Ho er Årets nynorskbrukar!

Mange brukar Facebook på nynorsk – men dei skriv gjerne på dialekt.

Språkvitar: «SMS-språket» har mykje språkleg frigjering

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...