Heim Nyhende Etterlyser nynorskbrukande biskop

Etterlyser nynorskbrukande biskop

Den norske kyrkja har 11 biskopar. Ingen av desse er nynorskbrukarar. Kyrkja har problem med å oppfylla pliktene sine i forhold til mållova, skriv leiar i Rogaland Mållag,Kirsten Bryne Tegle, i eit lesarbrev.
Tegle er overbevist om at ein nynorskbrukar i bispekollegiet vil styrkje kyrkja som kulturinstitusjon og viser til språkmeldinga.

– Den siste stortingsmeldinga om språkpolitikk (2008) seier følgjande om forholdet mellom språk og kultur: «Norsk språk har ikkje lenger ein like sjølvsagd posisjon og status i det norske samfunnet som tidlegare. For alle folk er språket det viktigaste kulturuttrykket. Som kulturnasjon har vi difor ei plikt både overfor oss sjølve og verda elles til å ta vare på vårt eige språk. Det overordna målet for språkpolitikken byggjer på den erkjenninga at norsk er kløyvd i to skriftspråk. Desse er formelt likestilte, men har i røynda svært ulike rammevilkår. Det er behov for eit meir heilhjarta og systematisk arbeid for å styrkja nynorsk språk og den nynorske skriftkulturen på brei basis». Den norske kyrkja bør velja å spela ei aktiv rolle i arbeidet for å nå denne språkpolitiske målsetjinga, skriv Bryne Tegle.

Ho viser også til at det i i Rogaland er fleirtal av nynorskkommunar og nøytrale kommunar og meiner det er eit argument for å gjere språk til ein faktor i utnemninga av ny biskop.

Les lesarbrevet her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...