Heim Nyhende Færre nynorskelevar i Nord - Trøndelag

Færre nynorskelevar i Nord – Trøndelag

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI)viser at berre 36 elever i Nord-Trøndelag har nynorsk som hovudmål. Det er 333 færre elevar enn det var for åtte år sidan, skriv Trønder – Avisa.

Forfattar Torvald Sund meiner saka er eit paradoks og trur ikkje nynorsken trass i desse tala vil døy ut.

– Eg oppfattar at dialektane står sterkt, og at fleire brukar det i det daglege, også skriftleg. SMS-språket som føregår på dialekt er meir likt nynorsk enn bokmål, seier han til Trønder – Avisa. 

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust er klar over utviklinga i fylket.

– Det er veldig synd, for eg meiner nynorsk står godt til dialektane i Trøndelag, seier ho til Trønder – Avisa.

Nedgangen i elevar som har nynorsk som hovudmål er også merkbar andre stadar i landet. I 2000 var det 88.413 nynorskelever her i landet, mot 82.357 i 2008.

Myklebust trur det ligg fleire forklaringar bak desse tala.

– Mykje har nok noko med demografi å gjere. Nynorsk har vore mest utbredt i bygdene, og når folk flyttar frå bygdene til meir bynære strøk har det gått ut over nynorsken. Samstundes er det som regel bygdeskulene som vert lagde ned, meiner Myklebust.

I Nord-Trøndelag er det i dag nynorskelever i Steinkjer, Levanger og Frosta, mens også Høylandet, Inderøy, Namsos, Nærøy og Verdal var på lista for åtte år sidan.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...