Heim Nyhende Få kommunale tenester på nett

Få kommunale tenester på nett

Berre 13 prosent av den kontakten innbyggjarane har med kommunen skjer via internett. Kommunane kunne spara store beløp ved å styrkje dei elektroniske tenestene sine.

Det viser ei undersøking analysebyrået Zapera har gjort for tidsskriftet Mandag morgen. Tilbakemeldingane frå kommunane viser at telefonen framleis er den suverent viktigaste reiskapen for kommunikasjon mellom innbyggjarane og kommunen.

Samtidig avslører undersøkinga mange svake sider ved fleire av dei tenestene som er tilgjengelege på nettet. Mange kommunar har blant anna lagt ut skjema på nett, utan effektive moglegheiter for å sende inn utfylte skjema elektronisk. Innbyggjarane må dermed skrive ut skjemaet, fylle det ut for hand, og sende det i posten til kommunen.

Ifølgje analysen kunne kommunane spara millionar på å styrkje dei elektroniske tenestene. Heile 90 prosent av arbeidet med enkelte oppgåver kunne vore fjerna.

Potensialet er størst innanfor pleie- og omsorgssektoren, men også automatisering av administrative tenester kan gje monalege innsparingar, meiner ekspertane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

MEST LESE

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...