Heim Nyhende – Fallitterklæring for sidemålet

– Fallitterklæring for sidemålet

– Det betyr mange skritt tilbake for sidemålet dersom denne læreplanen blir gjennomført, seier påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture om framlegget til ny læreplan i norsk .

Læreplangruppa som Utdanningsdirektoratet har sett ned, har kome med eit nytt utkast til ny læreplan i norsk. Til hausten skal dei endelge framlegga til nye læreplanar i engelsk, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag ut på høyring før dei endelege planane blir tatt i bruk i skuleåret 2013 – 2014.

I dette framlegget blir sidemålet nedprioritert, ikkje minst blir det lagt vekt på å stille andre kompetansekrav i sidemålet enn i hovudmålet. I framlegget står det at ein etter 10.klasse skal «mestre formverk, ortografi, setningsbygning og tekstbinding på hovudmålet», medan ein i sidemålet berre skal «mestre sentrale regler i formverket og uttrykkje seg med eit funksjonelt ordforråd i eit bredt utval sjangrar». I framlegget ynskjer ein å setje bokmål og nynorsk tidleg på dagsorden, men kravet til skriftleg kompetanse kjem ikkje før på ungdommskulen, skriv nm.no.

Læreplangruppa tek også til ordet for å avslutte sidemålsopplæringa etter Vg2, i kompetansemåla for Vg3 står det ikkje noko, verken om nynorsk, sidemål eller hovudmål. I framlegget står det heller ingenting om vurdering, det skal derimot utarbeidast i eit separat forslag.

– Det er ingen som er nøgde med sidemålsopplæringa slik den er i dag, men dette framlegget er reine falitterklæringa for sidemålet, slår Sture fast til lnk.no og viser til at læreplanen i norsk blir det arbeidsfeltet med høgast prioritering hjå målungdommen i lang tid framover.

Noregs Mållag skal ha styremøte i helga, og vil uttale seg på måndag om korleis dei stiller seg til framlegget som no ligg på bordet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....