Åtte kommunar får pris for godt styresett. – Eg er verkeleg stolt, seier Hå-ordførar Mons Skrettingland.
Det er fjerde gong norske kommunar mottek den europeiske utmerkinga, som vart delt ut av KS-leiar Gunn Marit Helgesen og statsråd Jan Tore Sannar på det kommunalpolitiske toppmøtet til KS i Oslo denne veka.
Hå kommune fekk prisen saman med Eidsberg, Oppegård, Ullensaker, Songdalen,Sandnes, Klepp og Hitra kommune.
Bakgrunn for vurderinga er resultata til kommunane i lokaldemokratiundersøkinga til KS. Han er sett saman av spørsmål til innbyggjarar og folkevalde om korleis dei oppfattar lokaldemokratiet og høvet til medverknad i eigen kommune. I overkant av 40 kommunar har gjennomført undersøkinga i fjor og såg langt i 2015.
– For å få utmerkinga for godt styresett er det i hovudsak lagt vekt på oppfatningane til innbyggjarane. Dei åtte kommunane har ein klår overvekt av positive vurderingar. Det er sett krav om resultat som ligg på god norsk standard – og endå litt til! Utmerkinga skal vere noko å strekkja seg etter, seier Helgesen.
– Det er ein gjeve pris å få, og viser at lokalpolitikarane og administrasjonen leverer, seier Skrettingland.
Stemmerettsforsøk
Kommunen er ein av dei tjue som til hausten har forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar.
– Me legg vekt på at me skal få til eit vellukka prosjekt, seier Hå-ordføraren.
Kommunen har jobba for å få ungdomsrådet skikkeleg opp og gå, og 7. mai lagar dei til eit arrangement i idrettshallen på Nerbø med informasjon om valet og underhaldning.
– Eg trur dagens 16-åringar er modne nok. Dei har større kompetanse no enn mange før. Eg trur dette òg kan vekkja større engasjement og forhåpentlegvis kan me få fleire unge inn i kommunestyret, seier Skrettingland.